28 august 2007

Strikkemor(o)`s lille røde....

Sjå kva som kom i posten i dag, eit resultat av helgas impulshandel på nettet! Vel, eg har ønska meg ei slik mappe lenge. Denne er ein god del mindre enn den eg sydde sjølv. Felisi si mappe har eit eige rom til garnnøstet, med eit hol i veggen kor tråden kjem ut! Fin, smart og billig heimelaga strikkemappe! Eg måtte feire kjøpet med å begynne på eit nytt strømpepar......
Det neste eg skal bestille på nettet no er ny impulskontroll. : )

2 kommentarer:

Marie sa...

Koseleg lita veske!.Impulskontroll må ein lære seg er eg redd. Tenk kor kjedeleg det hadde vore, mange koselege småting som kjem inn i huset på impuls. Problemet hos meg er plass, kor skal eg ha det eg pluseleg får SÅ lyst på...

God natt :o)

Besta sa...

Kjempefin veske. Slik kunne eg tenkt meg viss eg kjem i gang med strikking igjen. Var inne på bloggen til Felisi men fann ikkje ut av det.Korleis kjøpte du den?