30 oktober 2007

Spiderman-teppet er ferdig!

Kven gøymer seg under teppet? Er det Henning!
Spiderman teppet har vore nesten ferdig ei stund. Forrige veke tok eg meg saman og hekla dei "loddrette" svarte stripene og festa trådane. Ein litt redusert Henning (Vi har vore sjuke begge to sidan fredag), var lykkeleg over å kunne ta teppet i bruk.
Teppet har eg hekla i Smart. Eg trur eg har gjort ein feil når det gjeld det svarte nettet. Trur det skulle ha vore hekla berre i fastmasker, slik som eg har gjort heilt innerst i det blå feltet. Men eg blei litt forvirra av det amerikanske mønsteret.......pytt, pytt..

27 oktober 2007

Fleire Calorimetryar

Den siste veka har eg ikkje tatt i ein strikkepinne, utruleg nok! Desse Calorimetryane har vore ferdige ei stund. Det mangla berre å feste trådar og sy i knappar, noko som blei gjort i dag.


24 oktober 2007

Eg har blitt utfordra!

Eg har blitt utfordra av Ronille, og denne utfordringa er på engelsk!
YOUR ROCK STAR NAME: (first pet & current car) = Rossi SaabYOUR GANGSTA NAME: (fav ice cream flavor, favorite cookie = Lemon Chocolate
YOUR “FLY Girl” NAME: (first initial of first name, first three letters of your last name =H :)
YOUR DETECTIVE NAME: (favorite color, favorite animal = Brown SheepYOUR SOAP OPERA NAME: (middle name, city where you were born = Bjørg Eid
YOUR STAR WARS NAME: (the first 3 letters of your last name, first 2 letters of your first = : ) SUPERHERO NAME: (2nd favorite color, favorite drink put “The” first = The Blue FarrisSTRIPPER NAME: (the name of your favorite perfume/cologne, favorite candy = None Daim
WITNESS PROTECTION NAME: (mother’s & father’s middle names =
Ingeborg Arne

Eg utfordrar vidare Lappetausa, Mallemor, Haldis, Husflidtausa og Ingun

19 oktober 2007

Ny bok og to hefter

Eg skulle berre kjøpe nokre knappar til Calorimetryane mine, men kom heim med to strikkehefter, eit frå Dale og eit frå Sandnes. På Notabene fann eg dessutan denne søte strikkeboka med mønster til alt ein baby måtte trenge. Nydeleg bok med tradisjonell og tidlaus stil! Eg har ikkje baby og har ikkje tenkt å få fleire, men denne boka måtte eg berre ha.....




14 oktober 2007

Min første Calorimetry

Det går i småprosjekt for tida. No har eg prøvd dette mønsteret som så mange andre har strikka siste halvåret. Mønsteret er omsatt til norsk på denne bloggen. Calorimetryen var morosamt, lett og raskt å strikke. Strikka i ein tråd tynn alpakka og ein tråd tynt strømpegarn, fleirfarga. Pinnar nr. 3. Sidan eg sjølv ikkje kler hovudplagg, har eg fått Kristine til å stå modell. Som takk skal ho få eit hårband i fargane rosa, lilla og blått, etter eige ynskje. Det er allereie påbegynt! Dette hårbandet er i ein størelse og passar både barn og vaksne. Måten det er strikka på (forkorta rader), gjer at det dannar seg små (men nesten usynlege) hol som kan brukast som knappehol.

Ut på tur aldri sur....

Vi har hatt både fint og dårleg ver i haustferien denne veka. I dag begynte det ganske bra, men etterkvart regna det meir og meir. Men søndagstur blei det uansett.
To av turkameratane mine, Bjørnar og Ole. Ein liten pust i bakken halvvegs oppe på setra.

I selet spelte vi kort, åt sjokolade og drakk kaffi!
Vi har fått ein flokk med sauer på beite rett ovanfor huset vårt. Eit av mine favorittdyr, gjett kvifor!?

13 oktober 2007

Spisslue

Eg har strikka ei spisslue etter eit mønster i Hjemmet nr. 40 (2007). Lua var enkel og rask å strikke, så denne kjem eg nok til å strikke fleire av! Brukte Lanett og strkka str. 6-9 mnd, så den er nok i største laget for babyborn dokka vår. Fargen er ikkje lyseblå, som det kan sjå ut som her, men lys sjøgrønn.


12 oktober 2007

Ny lappebok frå Lise Bergene

Eg måtte feire lønningsdagen i dag med å kjøpe meg ei ny hobbybok! Lise Bergene har nemleg kome ut med ny bok, og den er eit must for alle tilhengarane hennar!! Eg er ein av dei, sjølv om eg ikkje er så veldig flittig ved symaskina for tida.

11 oktober 2007

Førdetur i haustregnet

Det blei ikkje handla så mykje i dag, men litt garn er det alltid kjekt å kjøpe! Dette Silja-garnet som eg kjøpte på SparKjøp, trur eg skal bli til sokkar og vottar. Fargane er marine, ubleika kvitt og turkis i to nyansar. Fargen på bildet stemmer ikkje heilt, dei turkise ser mest blå ut...

Lucky Last

Bilparken har vokse ein heil del sidan 24. august. Her er den "heldige attpåklatten" med si flotte samling av Cars-bilar.

09 oktober 2007

Regiasokkar

Innlegga kjem tett no i haustferien. Førebels er eg berre heime og slappar av og kosar meg! Desse Regiastrømpene blei ferdige no i kveld. Eg synest fargane er kjempefine! Regia, 4-trådar - pinner 2,5 str. 43 ca. Enklare kan det ikkje bli, men litt treigt går det på så tynne pinnar.

Fjellørret til middag

Mange i familien min er opptekne av fisk og fiskekaker. Difor tek eg med dette bildet av fjellørretane vi hadde til middag i dag. Her ligg dei klare til å bli steikt, utan hovud og innmat. Ørretane blei fiska av mannen min i går ettermiddag i vatnet på Ossetra. Han fekk fire til som blei gitt vekk til svigerforeldra mine. Henning var veldig oppteken av fiskane, men ville ikkje smake. Han nekta på at det var faren som hadde fiska dei - det var det nemleg Tråle som hadde. Viss det er nokon som ikkje veit kven Tråle er, kan eg legge til at det er fiskebåten (sunnmøringen) i Elias.

08 oktober 2007

Jula er like rundt hjørnet.....

Vel, så nær er ho vel ikkje, men ho kjem tidlegare og tidlegare ser det ut til. I dag då eg var på butikken og handla, såg eg at Julemagasina er begynt å kome. Noko som for så vidt passar meg bra. Eg elskar desse blada og kjøper dei fleste! Det blir ikkje alltid laga så mykje, men det er i alle fall artig å studere dei!
Litt reklame for Allers sitt! Koseleg stitchery!
Flott Selbustrikk og hekla panneband og huer! Dette er berre nokre av godbitane.......

07 oktober 2007

Bjørnar i aksjon

Her er Bjørnar i ferd med å skyte ut ballen i ein kamp torsdag. Laget hans spelte mot Haugen og vann 6-1. Heia Eid! Dette bildet skal eg ikkje ta æren for, det er tatt av lokalavisa.

Ferieminner sommaren 2007

I dag såg eg gjennom bildene frå ferieturen vår til Mosjøen/Herøyholmen og Nord-Sverige. Då kom eg over dette koselege bildet som hang på veggen i eit rom vi overnatta på i Åre. Det er eit bilbelord frå Matteus 6.31, og det skulle vel passe bra på ein søndag! Svensk er berre eit flott språk, synest eg! Dersom nokon av dykk har tenkt å reise til Åre, vil eg anbefale denne overnattingsplassen på det sterkaste. Veldig koseleg, utruleg god sørvis, god mat og mange fine saker og ting over alt. Rommet vårt var i skikkeleg svensk bondestil, kjempekosleg!
Nokre detaljar frå hagen.

06 oktober 2007

Opal Regnskog

Når ein har mange prosjekt på gang og stadig byrjar på noko nytt, seier det seg sjølv at det tar si tid før ein får ting ferdig. Difor, for å ha noko å vise fram her, tok eg meg saman og strikka ferdig dette sokkeparet i "Slange" (trur det er Regnskog 2 serien). Str. 38-39 på pinnar 2,5. Eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer om desse fargane/mønsteret. Blei eigentleg litt kvalm av dei, men det kan og skyldast at eg åt litt for mykje smågodt medan eg fullførte dei....Dei får bli julegåve, trur eg......

04 oktober 2007

Fjelldag

I dag hadde skulen der eg jobbar fjelldag. 5.-7. klasse gjekk opp på Ossetra og vidare derfrå til Skipenes. Vi hadde ein flott dag på fjellet, men jammen blir ein trøytt av å vere ute sånn ein heil dag! Elevane blei ganske imponert over den flotte utsikta på turen. Oversiktsbilde frå 400-450 moh.

03 oktober 2007

Haust-sanking

I dag var eg ein liten tur til Volda for å besøke eldstemann. Eg var sjølvsagt innom Nettstrikk, og her er dagens fangst! 8 nøster Muskat som skal bli til ei hekla veske til svigermor. 3 nøster lanett skal bli babybukse. 2 nøster Regia i ein fantastisk fargekombinasjon, designa av sjølvaste Kaffe Fassett! Gler meg til å strikke desse sokkane!