27 januar 2008

Tova vottar med dottar

Denne veka har vore travel, og det har blitt lite strikking. Men no i helga har eg strikka desse vottane til niesa mi, Ingrid. Dei er strikka i Heilo og Popcorn frå Dale. Mønsteret er frå eit Dalehefte med masse fint tilbehør. Eg strikka eit par i fjor vinter/vår som eg gav vekk i julegåve. Dei fall visst i smak, for no ville altså systra hennar ha samme sort! Sidan eg har gitt meg sjølv forbod mot å kjøpe garn på ei stund (har faktisk ikkje kjøpt eit einaste garnnøste hittil i år!!), måtte eg ta frå lageret. Eg hadde litt knapt med Popcorn igjen frå forrige par, så eg fekk ikkje "dottar" heilt i starten og på tomlane. Vottane er tova, men eg er litt usikker på om dei må ha ei runde til i vaskemaskina..
Då eg fotograferte vottane, fann eg ut at denne julestjerna, som sto rett ved sidan av, fortente eit bilde på bloggen. Ho står nemleg nesten like fin enno, og ser ikkje ut til å ville visne med det fyrste.
Tar også med eit bilde av denne flotte blomsterkrukka som eg har kjøpt hos Primula! Som de ser les eg siste boka til Anne B. Ragde, men det går heller sakte. Synest boka er litt keisam.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei ! Fine votter ! Jeg har det heftet der, strikka sokkene med popcorn - har tenkt på votter også. For jeg har en del rester... Masse fint i det heftet !
Ha en fin søndag !

Elin sa...

Så flink du er! Kanskje sjåast vi i dag.

Ingrid sa...

Ingrid likes!

Besta sa...

Neste år skal eg kjøpe kvite julestjerner! Dei to raude som vi kjøpte på julafta er akkurat like fine, men passar liksom ikkje heilt til årstida. Kvite kan ein ha heile året.Elles strikkar eg flittig på arangenseren; mønsteret er ikkje vanskelig, men krev konsentrasjon. Kva for ein butikk på Eid er det som sel Opal?

MITT FARGERIKE sa...

Dette er mitt første besøk hos deg, og har ikkje komme meg lenger inn i bloggen din enn dette.Det var mykje fint til no. Vart litt glad då eg leste at du syns boka var litt keisam det same syns eg, likte heller ikkje Eling bøkene. Trudde nesten eg var åleine om dette. Syns det berre var tragisk og trist begge seriane.
Ha ei fin helg.