27 april 2008

Snøsmelting på fjellet....

I dag var eg på setra for fyrste gong i år, og det var ein kjempeflott tur!!
Det siste stykket måtte vi vasse litt i snø, men det var visst mykje mindre snø i dag enn forrige helg, ifølgje mannen min. Og bra var det, sidan terrenget er ganske bratt!
Endeleg framme 430 meter over havet!

Her kan ein skimte vatnet så vidt under snøen.

Ei lita kaffipause før returen!

19 april 2008

Tre raske huer

Eg har strikka ferdig desse tre huene som eg begynte på i haust/vinter.
Den grå er strikka etter Bente B sitt mønster, "Smock lue". Den er strikka i dobbel alpakka frå Garnstudio. Eg forandra litt på mønsteret. Hekla ein picot-kant nede og laga symetrisk mønster.
Den brune er strikka i Alfa frå Sandnes, og mønsteret står i det siste juleheftet til Sandnes. Der er det også mønster på vottar og skjerf som passar til. Kjempefint sett!
Den grønne hua er strikka i Mirasol frå Du Store Alpakka.

18 april 2008

Posten i går

I går vart eg veldig glad då eine sonen min kom heim med all denne posten til meg. Det var vel ekstra kjekt sidan eg hadde vore sjuk og "isolert" i heimen i tre dagar!
Dagen før, trur eg, hadde eg bestilt ein "Skattepose" frå Jordbærstedet. Måtte også ha dette stoffet, som eg skal bruke til ei sommarveske. Då eg studeret Quiltemagasinet etterpå, såg eg at ein av nettbutikkane hadde mønster på ei fin veske der dette stoffet var brukt.
Her er innhaldet i "Skatteposen". Alt ein treng til å sy denne vesle posen!

16 april 2008

Vårforkjøling

Eg er blitt skikkeleg forkjøla
og er heime frå jobben på andre dagen.
Ligg for det meste på sofaen og ser på tv eller strikkar.
I går stikka eg ferdig dei tre fingrane som mangla på dette hanskeparet som eg begynte på i februar.
Dei er strikka i Fabel, og eg fann mønsteret her. Hanskane blei ganske bra, men det freistar ikkje å strikke fleire par på ei stund. Det er kjekt å strikke eit par fingrar, men så er det nok liksom....
Ute er det flott vårver. Eg måtte berre opne verandadøra og knipse eit bilde, sjølv om dette begynner å bli eit "utslitt" motiv!

11 april 2008

Mimouna-sjal

Dette sjalet blei eg inspirert til å strikke etter å ha vore inn på bloggen til BenteB.
Ho har på kort tid strikka tre sjal med dette mønsteret, pluss eit par andre!
Mønsteret sto i "Hendes Verden" for eit par år sidan, men er blitt kalla opp etter Mimouna, sidan ho har strikka så mange av dei!
Eg har strikka mitt i dobbel Alpaca frå Garnstudio, 200 gram, og det var eit raskt og kjekt arbeid! Dette er første gongen eg har strikka eit sjal med holmønster, og det er også første gong eg har blokka eit arbeid....

09 april 2008

Enkel hue i Sisu

Ein UFO er ferdig! Det er merkeleg korleis nokre av tinga som eg begynner på berre blir liggande uferdige, og andre ting igjen blir gjort ferdig med ein gong.....
Eg kan forstå det med større prosjekt, men med ei hue???
Denne blei påbegynt for eit eller to år sidan. Ei veldig enkel og praktisk hue,
som eg har strikka fleire av tidlegare.
Mønsteret er frå boka " Vakre gaver" av Liv S. Aure, Orion forlag.
Vel, no er ho i alle fall ferdig og passar heilt perfekt!

07 april 2008

Rosenett

I helga sydde eg Sara Bolster sitt 70-tals"Rosenett".
Det var veldig raskt og enkelt å sy, det einaste pirket var å få rynkene fine.
Amy Butler-stoffet kjøpte eg på sal hos Desiree i fjor haust. Mønster og hjorteband fekk eg tak i hos Primula.
Eg blei veldig fornøgd og har allereie funne fram stoff til veske (nett) nr. to!!

05 april 2008

Småprosjekt

Det går i småprosjekt for tida. Eg har strikka dette sokkeparet i restegarn (Opal) til minstemann.
Pusen vår, Hermine, har fått eit nytt kull kattungar. Denne gongen kom det heldigvis berre to, og det er akkurat passeleg både for henne og for oss. Ho storkosar seg i korga og passar godt på sine søte små!

03 april 2008

Baby-hue

Denne babyhua fann eg mønster på i eit hefte frå Sandnesgarn (0606, mix 0-4 år).
Ho er veldig søt, i alle fall sett framanfrå, med hekla kant rundt og hekla blomstrar på eine sida.
Her er imidlertid medaljens bakside..... litt vel mange saumar, synest eg. Men etter damping blir det forhåpentlegvis litt betre....
Det som var artig var at eg lærte ein ny måte å strikke snorer på. La opp 5 masker på ein strømpepinne og strikka ein omgang rett. Deretter skulle maskene skyvast ned i den andre enden på strømpepinnen (arbeidet skulle ikkje vendast), la garnet bak arbeidet og strikka igjen rett. Fortsatte slik (heile tida frå rettsida) til snora var ca. 30 cm. Ganske smart!

Men neste gong eg skal strikke babyhue,
skal eg prøve denne modellen som Timotei har strikka mange av!

01 april 2008

Oter på besøk

I går hadde vi ein oter på besøk i elva. Han kosa seg i mange timar rett ved huset vårt.
Her hadde han fanga ein ål som han tok med seg på land og slukte i seg i full fart.
Bildene tok eg gjennom stoveglaset, så kvaliteten er ikkje heilt topp!

Blogging with a Purpose

Denne fekk eg av Ronille!! Eg vil gi den vidare til Lappetausa som brenn slik for amerikanske blokker, til MorGrete som tek flotte bilder og oppdaterer bloggen ofte, til Timotei som har ein fin og inspirerande blogg og til Felisi som syr sånne flotte strikkemapper.