21 juli 2008

USA-ferie.

Det har vore stille på bloggen min nokre veker, men no er eg heime igjen etter tre fantastiske veker i USA. Eg har sjølvsagt tatt masse bilder, og her kjem ein liten smakebit av det vi såg og opplevde på ferieturen.
Vi var nesten to veker i New York. Budde hos slektningar på Long Island.
Central Park


Times Square
Det var uvant med alle lydane og det pulserande livet i New York, men vi opplevde NY som ein fin og trygg by å vere turist i.

Empire State Building
På veg sørover til North Carolina stoppa vi to netter i Washington D.C.
Her sit vi foran the White House.
Jernbanestasjonen i Washington er fantastisk flott!
Vi såg heile byen frå taket på ein turistbuss. Det er utruleg mykje å sjå i denne hovudstaden, veldig mange minnesmerker knytt opp til tidlegare presidentar og krigar. Her er Statsarkivet.
Swansboro i Norh Carolina er ein liten fiskeby ved kysten, der livet er heilt annleis enn i travle New York og historiske Washington D.C. Her hadde vi ei flott veke med båtliv og masse bading!

Rian, som er tremenningen til Bjørnar og Henning, prøver fiskelykken!

5 kommentarer:

Elin sa...

Dette må ha vore ei fantastisk oppleving!

solveig sa...

Det ser flott ut!
Vi har vel fått ei litt spesiell formeining om t.d. New York gjennom Tv-seriar der dei stort sett skyt kvarandre på open gate.
Artig å sjå det med dine auge!

Anonym sa...

Ser ut til at du har hatt en flott ferie. Flotte "kupp" også ser jeg. Nå er det snart min tur å ha ferie :)

Besta sa...

Velkomne heim att i god behold! Skal seie at de har hatt litt av ein ferie!Eg håper du held fram å fortelje meir om Amerikareisa, så kan eg legge inn litt om turen vår- til Kongsberg.

arieldog sa...

Washington DC har eg hatt lyst til å reise til - mykje på grunn av eit lesestykke i ei engelskbok med kart og arbeidsoppgåver som skulle freiste ELEVANE til å reise... Det er sikkert spesielt kjekt å bu hos "innfødde" når ein er så langt vekk heimanfrå. Dei veit vel kva som er verd å sjå!