07 september 2008

Det er snart jul, eller ikkje............

No føler eg at eg ligg godt an i høve årets julegåver! Svigerforeldrene mine reiser nemleg nordover i morgon, så då må vi nytte høvet og sende med julegåver til familien "der oppe".
Om nokre dagar reiser Strikkefar og eg til London ein tur, så då blir det kanskje meir handel?? ...Ikkje det at eg har handla så mange av desse gåvene. Må innrømme at dei fleste er heimelaga.....

3 kommentarer:

Besta sa...

Og eg som tykte eg var uanstendig tidleg ute det året eg kjøpte julegåver i Tyskland. Og det var i oktober.Så eg er meir enn imponert. Lurt å spare porto.

Orlaug sa...

"At det går an" seier eg..
julegåver ferdige no?
Er mektig imponert.
Ha ei fin veke!

Hildegard sa...

Godt at du får "kvitte" deg med litt av det du har stikka, hekla og sydd dette året. Kan tenke meg at Strikkefar set pris på det?
Trur nok at presangane blir sett pris på oppe i nord - særleg sidan dei er heimelaga. Bra!
Mamsen