30 desember 2008

Minestronesuppe-party!

Denne romjula har vore ekstra sosiale. Vi har gått frå selskap til selskap - har til og med vore på bryllaupsfest! Nokre av selskapa har blitt tradisjon, slik som Minestronesupppe-selskapet til systra mi.....
Ho er veldig flink med mat og lagar ei nydeleg minestronesuppe som heile familen elskar. I år serverte ho suppe til 22 personar! Etterpå var det kaffi og kaker (der fekk ho litt hjelp) og Quiz (som eldste dattera hadde laga til).......

Lappetausa og eg hadde sjølvsagt med oss eit lite stitchery, og ut på kvelden fekk vi tid til å ta det fram og sy nokre sting. ....Det blir faktisk gjort mindre handarbeid i ferien enn elles........

29 desember 2008

Julegave frå meg til LilleMø

Dette er vel den einaste julegava eg laga før jul som eg ikkje har vist fram på bloggen.
Den laga eg til systra mi, LilleMø. Kumønsteret fann eg i eit blad og resten er sjølvkomponert. Posen er stor nok til å oppbevare eit lite handarbeid i.


28 desember 2008

Julegave frå Lappetausa

Her er den flotte julegava eg fekk av tanta mi, Elin! Det er ein nydeleg miniquilt som måler 59x43 cm.

24 desember 2008

God Jul !!

(Takk til Picasa som no har laga ein versjon der ein kan skrive tekst på bildene!)

20 desember 2008

20. desember - oppdatering

I går etter jobb var eg til Volda for å kjøpe eit garnnøste som eg mangla for å fullføre ei julegåve. Då eg kom heim viste det seg at eg hadde klart å kjøpe feil turkisfarge! Eg var litt i stuss då eg var på butikken, så eg spurte ho som jobba der, og ho sa at det var riktig farge. Men den var altså for lys og feil nr. Vel, skuffande, men turen var ikkje bortkasta. Eg hadde med meg ein kollega og vi hadde ein kjekk tur og handla julegåver og anna både i Volda og i Ørsta. I Ørsta var vi innom butikken der Ronille har eit hjørne med heimeproduserte ting til sals. Artig å sjå tinga som eg har sett på bloggen hennar før live! Eg kjøpte ein vaskeklut for moro skuld. Billig, betalte berre 30 kr for denne......
Dei siste dagane har eg fått masse fint i posten. Frå Jordbærstedet kom endeleg første pakken frå Stitcheryklubben. Fine stoff og ok mønster. Skal sy ein pose eller ei veske av dette.
Frå hobbybokklubben fekk eg ei kalendarbok, mønsterark og eit påteikna stitchery.
Møsterarket inneheld mønster på eit månadteppe ein kan sy. Her er første blokka.
Frå Australia kom den fjerde (trur eg) pakken i Pincushion of the Month- klubben. Dvs. at eg no har tre pakkar liggande som eg ikkje har begynt på enno......

14 desember 2008

Det går fortsatt i posar.....

Eg har sydd ein pose som passar til ei vinflaske. Kjøpe ein "kit" med påteikna mønster på striestoff på tilbod for ei stund sidan. Eg endra litt på det heller dårlege mønsteret. Sydde på litt stoff her og der og laga ein annan botn.....

08 desember 2008

Posar til julemenn/pepperkakeformer

Eg likte så kjempegodt ideen om ein stoffpose til å oppbevare småkakeformene i, at eg måtte sette i gang ein liten produksjon i helga. Førebels er eg ferdig med to posar, men kjem heilt sikkert til å sy fleire (optimisten...).

Her har eg putta mine former opp i den eine posen, og den blei berre halvfull.

Mannen er brodert med kontursting, eller min versjon av kontursting (var litt usikker på dette stinget....). Brukte linstoff, som det stod i boka at ein skulle bruke. Det blei ganske fint. Raudt bomullstoff som for.

06 desember 2008

Pizza og julemenn

I går såg eg korleis Wenche i "God morgen Norge" laga porsjonspizza, så det blei fredagskosen til Hunter i går kveld. Wenche steikte botnane litt på førehand (5-6 min.), noko eg også gjorde. Laga deig og steikte opp botnar i ulike størelsar. Etterpå fekk alle i familien lage sin eigen pizza med det fyllet dei ville ha. Eg laga ein liten til meg sjølv med Creme Fraiche i staden for tomatsaus, for å teste ut det. Det blei ganske godt, men eg likte best den eg laga med både tomatsaus og C.F. Botnen blei sprøare enn vanleg, og alle var fornøgde. Men det blei litt meir rot på kjøkkenet og tok litt lengre tid!
I dag laga minsten og eg Julemenn.
Vi brukte denne oppskrifta:
1/2 l kefir ( Brukte økologisk kefir med dansande Kaukasus-mann)
1 kopp smelta margarin
750 gram sukker
6 ts. hjortesalt
1,3 kg kveitemjøl
200 grader i 8-9 min.

05 desember 2008

Julegleder

I dag kom denne boka i posten. Den er månadens bok i Hobbyklubben. Ei kjempefin og variert bok, mykje betre enn forventa! Terningkast seks!
Masse stitchery.
Lurt å sy kremmerhus med namn på. Kjekt å få heile alfabetet i både små og store bokstavar til stitching.
God forklaring på korleis ein syr desse posane.
Kjempefine posar til å ha pepperkakeformene i!

02 desember 2008

Liten snømann

I kveld var eg på årets julemøte i Nordfjord Lappe & Quilteklubb. Det var veldig koseleg med stitching, kaffi, snittar, marsipankake, "vis og fortel" og lotteri.
Alle fekk ein liten kit med mønster, stoff og vatt m.m til å sy fire små stitcherymotiv. Denne snømannen var ferdig oppteikna for oss, og eg fekk faktisk sydd han ferdig i løpet av møtet. Så no gjenstår berre monteringa. Trur kanskje eg skal sy ein liten pose. Vi fekk også kvar sin liten boks med "spytt på boks" som vi kan bruke når vi er tørre på hendene og skal sy på maskin..... ;-)

Tallerkendempar/ brikke

Brikke nr. to i adventfarge er ferdig. Denne er 19 cm i diameter og kan også brukast som tallerkendempar. Men då må ein hekle ein heil haug, og det blir ikkje gjort i år....