20 desember 2008

20. desember - oppdatering

I går etter jobb var eg til Volda for å kjøpe eit garnnøste som eg mangla for å fullføre ei julegåve. Då eg kom heim viste det seg at eg hadde klart å kjøpe feil turkisfarge! Eg var litt i stuss då eg var på butikken, så eg spurte ho som jobba der, og ho sa at det var riktig farge. Men den var altså for lys og feil nr. Vel, skuffande, men turen var ikkje bortkasta. Eg hadde med meg ein kollega og vi hadde ein kjekk tur og handla julegåver og anna både i Volda og i Ørsta. I Ørsta var vi innom butikken der Ronille har eit hjørne med heimeproduserte ting til sals. Artig å sjå tinga som eg har sett på bloggen hennar før live! Eg kjøpte ein vaskeklut for moro skuld. Billig, betalte berre 30 kr for denne......
Dei siste dagane har eg fått masse fint i posten. Frå Jordbærstedet kom endeleg første pakken frå Stitcheryklubben. Fine stoff og ok mønster. Skal sy ein pose eller ei veske av dette.
Frå hobbybokklubben fekk eg ei kalendarbok, mønsterark og eit påteikna stitchery.
Møsterarket inneheld mønster på eit månadteppe ein kan sy. Her er første blokka.
Frå Australia kom den fjerde (trur eg) pakken i Pincushion of the Month- klubben. Dvs. at eg no har tre pakkar liggande som eg ikkje har begynt på enno......

8 kommentarer:

Hildegard sa...

Mykje fint å sjå. Trasig med trådnøstet, du får gje beskjed viss du treng kurér.
Mamsen

Besta sa...

Fann ikkje kommentaren på bloggen min før eg hadde lese dette innlegget, så då reknar eg med at det ikkje er aktuelt lenger?Er det Ronille som held til på Amfi. Eg har ikkje vore inn i handarbeidskroken der.

Steinbokkjen ;o) sa...

Snartur innom for å
Ynskja deg ei vidunderle hærle avslappande nyyydle God Jul og et fenomenalt Godt 2009!
Julaklem frå meg

Anonym sa...

Heisann!
Er berre innom for å ønske deg god jul!
Gleder meg til å følge med her også neste år!

Husflidstausa sa...

Hmmmm..... Nye bakgrunner kvar dag? Denne var lekker. Brunt og blått er kjempefint saman. Ser du er godt førebudd til jul på handarbeidsfronten. Ønskjer deg og dine ei riktig GOD JUL.

Halling jenta sa...

Ønsker deg og dine ei Riktig God Jul og ett Riktig Godt Nyttår

Haldis sa...

Du har mykje kjekt arbeid ser eg. Fekk pakke fra Jordbærstedet mandag eg. Ønsker deg og dine ei riktig god jul!

Valerie the Pumpkin Patch Quilter sa...

Well - I can't read a thing because I only know English, but I still adore your blog! Beautiful and inspiring pictures! :)