06 desember 2008

Pizza og julemenn

I går såg eg korleis Wenche i "God morgen Norge" laga porsjonspizza, så det blei fredagskosen til Hunter i går kveld. Wenche steikte botnane litt på førehand (5-6 min.), noko eg også gjorde. Laga deig og steikte opp botnar i ulike størelsar. Etterpå fekk alle i familien lage sin eigen pizza med det fyllet dei ville ha. Eg laga ein liten til meg sjølv med Creme Fraiche i staden for tomatsaus, for å teste ut det. Det blei ganske godt, men eg likte best den eg laga med både tomatsaus og C.F. Botnen blei sprøare enn vanleg, og alle var fornøgde. Men det blei litt meir rot på kjøkkenet og tok litt lengre tid!
I dag laga minsten og eg Julemenn.
Vi brukte denne oppskrifta:
1/2 l kefir ( Brukte økologisk kefir med dansande Kaukasus-mann)
1 kopp smelta margarin
750 gram sukker
6 ts. hjortesalt
1,3 kg kveitemjøl
200 grader i 8-9 min.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Å det så godt ut med porsjonspizza.

Og jeg elsker slike kakemann. Er så lenge siden jeg lagde det, man kan jo ikke lage kakemann når man ikke har barn i huset lenger. (hmm kanskje jeg skal snike meg til å lage en liten porsjon til meg og gubben alikevel)

Mallemor sa...

Eg får kakemenn frå Geilo iår. Oppskrifta som eg har fått av mi svigermor vart igår overlevert til sønn og sønnesønn på Geilo laga kakemenn idag.Posjonen er ganske stor, så dei kan gje kakemenn til bestemor og kusinene i nabohuset.

Besta sa...

Før brukte eg å ha store lager(dei minka ganske fort) av Barmens pizzabotnar, steikte i 4 min.,i frysaren.Då var det fort gjort å lage pizza når ein hadde ferdig fyll. Det var ei herlig tid! No unngår eg slike fristelsar, så langt det er mulig.

Hildegard sa...

Dette såg godt ut. Kjekt at du har meldt deg på kokkelaget. Du hadde kanskje steikt opp botnar for laurdagskvelden også i og med at de var på julebord? OK var i full sving med pizzasteiking og barnepass i går kveld då Besten var innom. Eg såg programmet fredag morgon og vart inspirert av kor lettvint det såg ut. Kakemannane såg gode ut, godt at Strikkefar har kaker å tilby til kaffien! Mamsen

Anonym sa...

Så godt ut med pizza :-) Livretten min det... Hadde det i kveld, da vi hadde besøk av mormor og morfar. Jeg skrev i forrige kommentar at jeg avbestilte den fine boka Julegleder, men det angrer jeg litt på. Gikk litt fort i svingene der, men det byr da seg en sjanse igjen. Ser spennende ut i allefall. Ha ei fin uke :-)