31 mars 2009

Marsprodusjon

For moro skyld har eg laga ein kollasj over det eg har posta som ferdig i mars. Her må eg spesifisere at løparen var ferdig sydd, så det einaste eg gjorde på den var å quilte og sy på lukkekant. Det hekla teppet i oldemorsruter har eg også jobba med nokre månader. Så eg føler ikkje sjølv at eg har gjort så mykje, men litt er det no.

Litt påskesnacks.....

I går vart eg freista til litt netthandel igjen, og jammen kom ikkje mønstera frå Jordbærstedet i postkassa allereie i dag!! - Det siste heftet frå Bareroots og ei mønster på ei nålepute frå Hatched and Patched. Veskemønsteret frå Melly & me kjøpte eg hos Ingun.
Elles vil eg gratulere søstera mi, Lillemø, med dagen i dag!! Eg er så heldig å ha ei eit år eldre søster busatt berre 500 meter i frå meg. Her fotografert saman med tanta vår, Lappetausa.

29 mars 2009

Sokkar i Sisu og Søndagstur

I dag fekk eg fullført dette sokkeparet i Sisu frå garnlageret. Det er strikka til Minstemann.
Det er første gang eg har prøvd Knit Picks strikkepinnar. Mine er 2,5 mm og 15 cm lange, kjempegode!!
Bilder frå søndagsturen i dag. Nydeleg ver, men kaldt!

28 mars 2009

Bursdag og Burda

I dag var Lappetausa og eg på tur. Vi hadde diverse ærend i Volda og Ørsta. Etterpå var vi på besøk hos Besta og gratulerete henne med dagen. Eg fekk overlevert GiveAway'en som ho vann og ei lita veske til å ha strikketøyet i som eg har sydd. Eg har berre eit dårleg bilde av denne mappa, som blei tatt i full fart før avreise.
Heime igjen kjøpte eg eit quilteblad som heiter Burda Patchwork. Der var det blant anna bilde og mønster på dette flotte sekskantteppet, som eg berre må vise fram. Eg er visst litt sekskanta i forma for tida!.....

27 mars 2009

Handarbeidsmappe

Eg har sydd meg ei mappe til å ha roseteppeblokkene mine i medan dei blir til. Den er heilt enkel, fora men utan vatt. Ingen quilting altså, så den var ganske rask å lage. Skal sy ei nålebok som passar til og. Ser at mange syr liknande mapper, men viss du ikkje syr sjølv, vil eg anbefale mappene til Felisi, som ho syr for sal. Dei er veldig proffe og av god kvalitet!
Blokk nr. 7 under arbeid, men det går ikkje så fort med meg for tida.....

Eit enkelt skjerf

Eg er ferdig med "Baktusskjerfet" mitt. Det er strikka av to nøster Fabel på pinne 3.
La opp tre masker og auka ei maske i eine sida kvar fjerde omgang til det eine nøstet var brukt opp. Deretter felling på samme måte.

23 mars 2009

Og vinnaren er........

Vi har hatt høtidleg trekning her.
Eg skreiv alle nummera på gule lappar og la i muggen. Minstemann fekk trekke, og han tok oppgåva veldig alvorleg. Harepus passa på at alt gjekk rett føre seg. Også dei andre mannfolka syntest dette var litt spanande, så dei kom tuslande dei og...
Først trekte Minstemann nr. 10. Dette var så morosamt at vi måtte trekke ein ekstragevinst som blei nr. 14. Etterpå var eg inn på kommentarane og sjekka kven nr. 10 og nr. 14 var, og det var Besta og Marten. Gratulerer!!

Høg kosefaktor i kattekorga

Hermine, pusen vår, har fått kattungar kvart år i seks år no. Det første kullet fekk ho våren 2003. Då ho fekk dei fem første kattungane, var det stor stas i heile storfamilien. Alle kom på besøk, tok bilder og til og med filma...... No er det ikkje så kjekt lenger, og vi har bestemt oss for at dette definitivt er det siste kullet hennar. Så snart ho er klar for det skal vi til dyrlegen og få gjort eit lite inngrep.
Saman med Hermine og dei søte små, ligg Ronja som blei født i fjor sommar. Ho er tatt inn i varmen igjen no i høve fødselen. Kattemora har prøvd å bli kvitt den vaksne dattera si i fleire månader, knurra og frest til ingen nytte. Dette har vore litt trist for Ronja, så no er ho kjempelykkeleg over å ha blitt tatt til nåde igjen. Ho ligg i kattekorga saman med mor og småsøsken og kosar seg heile dagen!
*****
Eg kjem tilbake med eit innlegg seinare i kveld med resultatet på GIVEAWAY'en.

21 mars 2009

Bloggbursdag og Give Away

I dag er bloggen min to år, noko som sjølvsagt må feirast! Sidan eg hadde DETTE bildet i fjor på 1-årsdagen, får Harepus vere med i år og i ein annan mugge.
Eg er litt svak for muggar og har ei lita samling.
Noko anna eg samlar på er garn, stoff, mønster, hobbybøker osv.
Eg prøver å redusere litt på garnlageret i år, dvs. ikkje å kjøpe meir enn det som blir brukt etter kvart, eller det trengst for å fullføre eit prosjekt. Helst skal eg bruke litt av lageret og, pluss gjere ferdig nokre ufoar. Fullstendig kjøpestopp blir for tøft for meg!
Men her har eg plukka ut to mønstre og litt garn frå lageret. Mønster på nydeleg hals, pulsvarmarar og alpelue frå Birgirsdottir (norsk mønster), mønster på Russesokkar, to nøster Finull, tre nøster PT4-loden, eit nøste alpakka og eit nøste Tutti Frutti.
Legg igjen ein kommentar og du er med i trekninga av det som er på bildet!

20 mars 2009

Just Enough Ruffles

Denne veka har eg strikka dette populære skjerfet, som eg ikkje var klar over før eg såg det på bloggen til Bente B. Mønster her. Skjerfet var raskt å strikke.
Sidan eg ikkje får tak i Paris her eg bur, har eg strikka i T`ika frå Mirasol, eit herleg bomullsgarn som kjem heilt frå Peru. Flott at Reidun Strand har det på butikken sin! Det gjekk med litt mindre enn 150 gram.
Skjerfet blei utruleg mjukt og behageleg å ha på.

15 mars 2009

Hexagon

I det siste har Liselotte hatt mange innlegg om hexagonteppa sine.
Eg fekk veldig lyst til å prøve om eg fekk det til. Liselotte er blitt inspirert av dette teppet, og ho har lagt ut mønster på bloggen sin. Det har også Juliann her.
Eg har sortert alt garnet mitt i plastkasser, og no fann eg fram kassa med litt tjukkare bomullsgarn (pinnar 3-4). Der var det masse smårestar pluss ein del single nøster i mange forskjellige fargar. Eg heklar rundt kvar sirkel med ein naturkvit farge som eg har mykje av. Det garnet skulle eigentleg blitt til ei sommarjakke for minst ti år sidan...
Dette er første gongen eg har hekla sekskantar, og det er skikkeleg artig og kan anbefalast!!
Kor stort dette teppet blir kjem rett nok an på skuldrar og alboge, men eg håper det kan bli eit lite sengeteppe!......

Ute har det vore fint ver denne helga. Dette bildet er tatt frå hagen i går. Då var det skikkeleg vårstemning her!

13 mars 2009

To nye blokker

Blokk nr. 5 og 6 er ferdige.
Det vil seie at eg er ferdig med ein fjerdedel av stjerneblokkene til Roseteppet mitt!

09 mars 2009

Restegarnteppe

I helga fekk eg festa trådane og hekla saman restegarnteppet mitt.
Eg har brukt restar av tynt sokkegarn, for det meste Opal og Regia.
Eg hekla først åtte omgangar med fleirfarga garn, deretter to omgangar einsfarga Opal (blå/lilla) og til slutt ein omgang brun Opal. Teppet veg 450 gram og er ca. 85x105 cm. Teppet kunne ha vore større ( har meir restegarn på lager!!), men eg fann ut det var best å få gjort det ferdig før det blei ein ny Ufo.....

02 mars 2009

Ufo frå 2006

I vinterferien forrige veke, fekk eg sydd ferdig denne løparen som eg begynte på hausten 2006. Då var eg på kurs med Helle C. E. Løvenskiold under Vestlandstreffet som blei arrangert av Nordfjord Lappe & Quilteklubb. Løparen har vore nesten ferdig lenge.

Blokk nr. 4 og pakke nr. 3

I dag kom det ny pakke frå Lappemakeriet med stoff og malar til tre nye stjerner.
Eg ligg litt etter skjema pga. at eg fekk pakke nr. to eit par veker for seint, men eg har då fått sydd ei av stjernene.
Dette er blokk nr. fire. Den var litt vanskeleg å få fin på grunn av at stoffa var så tjukke.