29 august 2009

Gretel

Eg har testa ut nok eit av Ysolda sine design, nemleg Gretel. Dette er ei fin lue som kan strikkast i tre ulike fasongar/størelsar. Her er den minste, såkalla "regular".
Heldigvis fekk eg overtalt to av niesene mine til å vere modell i dag, Helene først.
Eg var i tvil om kva slags garn (tilgjengeleg her på staden) som ville passe til dette mønsteret. Enda opp med Merino extra Fine frå Garnstudio, og blei veldig fornøgd med det!!
Lua var eigentleg tenkt som julegåve til ein eller annan, men Ingrid ville ha den med ein gong, og sånn blei det ;-)

21 august 2009

Damson

Eg er blitt ein stor tilhengar av Ysolda og hennar design.
Då ho kom med mønsteret Damson, måtte eg sjølvsagt kjøpe det og begynne å strikke med ein gong. Eg har strikka i Silke-tweed frå Garnstudio. Eg brukte to og eit halvt nøste frå garnlageret mitt. Sjalet er enkelt og raskt å strikke!
Mønsteret er å få kjøpt her.
God helg!

14 august 2009

My first Odessa

Endeleg har eg strikka ei Odessalue. Eg har hatt mønsteret i mange år, men av ein eller annan grunn har eg ikkje strikka etter det før no. Det var både enkelt og kjekt, og eg kjem heilt sikkert til å strikke fleire! Brukte akkurat 50 gram Smart frå Sandnes og pinnar 3,5 og 4.
Ha ei fin helg!

05 august 2009

Pure Milk

Eg har hekla mange av desse sjala, men dette er det første i melkegarn.
Brukte 100 gram og hekla etter dette mønsteret, Muffins halstørkle.
Melkegarnet er veldig mjukt og behageleg å ha rundt halsen.
Det skal visst vere bra visst ein er plaga med sår og ømfintleg hud også.

Vi har to kjempesøte og koselege kattungar som er ca. 4 mnd. gamle. Ein av kvart kjønn. Vi ynskjer å gi vekk den eine sidan vi har kattemora og. Så viss nokon skulle vere interessert, ta kontakt!

I've made this shawl in a milkyarn. It's very soft and nice to wear around the neck!

01 august 2009

Heldige meg

Flittige hender hadde Giveaway på bloggen sin tidlegare i sommar. Måndag fekk eg vite at eg hadde vunne ekstrapremie, og i går kom denne kjempesøte korga i posten!!
Eg blei veldig glad for den, så tusen takk Grethe!
Det artige er at tanta mi, Lappetausa, tipsa meg om denne tutorialen for ei god stund sidan. Etter at eg fekk denne flotte utgåva, fekk eg lyst til å prøve mønsteret eg og, så det blir nok neste prosjekt! Her er mønsteret!

Lucky me, I won this basket on a GiveAway!