08 september 2009

King Boo

I kveld fekk eg endeleg montert ferdig King Boo!!
For dei som ikkje spelar Nintendo, kan eg legge til at han er ein ond spøkelsekonge frå Super Mario-spela.........
Vel, eg fann gratismønster på både han og fleire figurar via Ravelry.
Sjølv om Kong Bø er laga til Minstemann, har eg merka ei viss interesse (ut over det eg er van med når det gjeld mine hobbysyslar) også blant dei eldre gutan mine....
(Augebryna blei kanskje litt vel kraftige, noko som ikkje gjorde han mindre skummel akkurat...men pytt...)
No står Mario himself for tur, så då er det berre å leite fram raudt og blått garn frå lageret!

7 kommentarer:

Unknown sa...

Morsom. Eg har ikkje møtt han i Pinsesse Marioen...hmm..

Anonym sa...

Hei.Den var jo virkelig stilig.Andreas er en ivrig intendo spiller så han vet sikkert hvem han er.Ha en riktig fin Onsdag.Bodil

Elin sa...

Eg ser at eg ikkje greier å følge med i tida, sidan eg ikkje har små barn. Du har jammen vore gjennom mange "epokar" med leikar og spel, ikkje rart du held deg ung og sprek!

LeKaQuilt sa...

Jeg syns han ser litt skummelt ut, jeg da...... Skulle gjerne hatt en sånn hengende i vinduet :o) Flott håndarbeide !!

Anonym sa...

Det var ikkje fritt for at eg humra og lo av denne fantastiske fyren..nattlig helsing Ingun

duBedåre sa...

HAha, den var tøff! Tipper minstemann er fornøyd, og aldri så lite fornøyd med sin kreative mor!

Solveig sa...

Skummel fyr. Nå har du sikkert en fornøyd liten gutt.