30 desember 2009

Dagen før den siste dagen....

.... i året var Minstemann og eg på ein fin sparketur.
Først litt shopping og etterpå besøk hos mormor og morfar.
Ispinne og film, jammen er det fint med ferie!

29 desember 2009

5. juledag

I dag er det kaldt ute, minus åtte-ti grader.....
Sola skin berre på fjelltoppane.
Småfuglane kosar seg med solsikkefrø.

27 desember 2009

Julegåver frå Lappetausa

Eg blei overraska då eg opna pakken frå Lappetausa
og såg denne supre boka frå 2005
som handlar om Elisabeth Zimmermann og inneheld mønstrene
som ho gav ut som nyheitsbrev
i perioden 1958-1968.
"The Opinionated knitter" er namnet som E.Z.
ønskte å ha som tittel på si første strikkebok,
og namnet refererer til henne sjølv som strikkar.
Men forlaget ville kalle boka"Knitting Without Tears", og slik blei det.
Opinionated tyder på norsk sjølvsikker eller påståeleg,
i følge ordlista mi.
Elin kjøpte denne i tidlegare i år og har strikka
"Surprise jacket", eit mønster frå 1968 som fortsatt er veldig populært. Det er faktisk det mest populære babymønsteret på Ravelry, 9908 prosjekt i skrivande stund.
Elin meinte at boka passar her hos meg.
XXX
Eg hadde eigentleg allereie fått julegåve frå henne, dei to lappe/quiltebøkene under her.

26 desember 2009

2. juledag

Denne fine og blide engelen fekk vi i julegåve frå Minstemann på 5 år.
Han har laga den i barnehagen.

25 desember 2009

Båltur 1. juledag

I dag måtte vi ut ein tur med Minstemann.
Då blei det bål og kosestund i fjæra.

23 desember 2009

Merry Christmas!

Det har blitt lite blogging dei siste vekene,
men no er det lang ferie
(berre litt jobbing i romjula for å førebu veka etter nyttår).
Vi skal vere heime heile jula,
og det blir nok masse sosialt og kjekt saman med storfamilien.
Om kveldane skal eg kose meg med handarbeid og bøker og filmar.
Rett utanfor stovevindauget står denne fine grana pynta med lys.
.... Ser veldig koseleg ut når det er mørkt....
xxx
Det har vore kaldt i dag, minus 10 grader.
Eg likar ikkje så godt kulde, men likar den fine julestemninga ute no.
Eg ønsker alle kjende og ukjende lesarar ei
GOD OG FREDELEG JUL!!

08 desember 2009

Kristin Helene, finished!!

Desse sokkane var morosame å strikke.
Etter at eg hadde strikka ein halv sokk,
kunne eg strikke utan å sjå på mønsteret heile tida,
så då gjekk det bra raskt.
Mønster: frå boka "Mauds hjerte" av Ellinor Kvammen.
Nydeleg ver ute, mildt og fint!!

01 desember 2009

Sesongens første og kanskje største snømann...

Hans og Henning har laga denne snømannen i dag!!

Kristin Helene

Då eg var i Ålesund på laurdag, kjøpte eg sjølvsagt litt garn :-)
Austermann Royal
( 60% merinoull, 20 % polyamid, 10 % silke og 10 % kasmir)
er eit nytt og spanande garn for meg.
Du får litt luksusfølelse når du strikkar med dette garnet,
og det er ikkje å forakte!
Eg strikkar Kristin Helene-sokkar frå boka til Ronille (Ellinor Kvammen).

Ute er den første snøen komen.......