30 juni 2010

Fleire hekla sjal.....

Då er eg ferdig med to sjal til etter dette mønsteret.
Det lyse er hekla i Drops Cotton Viskose.
Det er litt mindre enn det første sjalet eg hekla i Mandarin og Plumet,
men eg hadde ikkje meir garn.
***
Det grønne er hekla i Austermann Alpaca Silk, kjøpt hos Ronille i Ørsta.
Her gjekk det med akkurat 200 gram.
Det blei ganske stort med fem vifterader.
***
Kjekt å hekle dette mønsteret i ulike garnkvalitetar.
Alle blir fine på sin måte.

29 juni 2010

Oops, I did it again........

Eg fall for freistinga og har meldt meg inn i HOBBYBOKKLUBBEN igjen!
Måtte berre når eg såg kva eg kunne få i velkomstpakken.
To gratis bøker, stoffpakke frå Lappemakeriet (Eg valde maritim..),
syskrin og armband.
I tillegg kjøpte eg tre bøker til 79 kr. stk.
Så er det berre å passe på å avbestille dei bøkene eg ikkje vil ha då......

Desse 10 småbøkene såg så artige. 79 kr.

Skikkeleg feminint syskrin.....
Nydelege stoff frå Lappemakeriet.

27 juni 2010

Stampebad

Når sommartemperaturen ikkje innbyr til bading i sjø og elv,
er det fint å ha ein stamp med oppvarma vatn å bade i.
Herleg med eit bad etter lang fjelltur i dag!

Minstemann har fått selskap i stampen av kusina si.

26 juni 2010

Hekla sommarsjal

Då er er eg ferdig med Midtsommarsjalet mitt.
Det er hekla i Plumet og Mandarin Petit.
Eg hekla det litt mindre enn oppskrifta sa.
Avslutta etter 4. vifterad.
Eg likte dette mønsteret veldig godt,
og er allereie begynt på eit til :-)

Vakre Flø

I dag (fredag) har eg vore på tur saman med to av tantene mine
(Lappetausa og Besta) og ein onkel.
Etter ein betre lunsj hos Besta i Ørsta,
køyrde vi gjennom den sju kilometer lange undersjøiske tunnelen til Eiksund.

Desse bildene er tatt på Flø utanfor Ulsteinvik.
Nydeleg natur!
Det er tryggast å gøyme seg bak Mamma Mø......
Etter Flø var vi til Ulsteinvik og shoppa og så på besøk hos kusina mi m/fam. på Hareid.
Der fekk vi nydelege summørske sveler og kaffi.
Prøv denne oppskrifta her!
Takk til Besta og "Besten" for god guiding og ein kjempekoseleg tur!

24 juni 2010

Jonsokfeiring i fjæra

Dette har vore den finaste/varmaste sommardagen hittil i år.
Vi var som vanleg i fjæra med bål og grilling saman med storfamilien til langt på kveld.
Herleg med desse lyse sommarnettene!!

23 juni 2010

Midtsommar-sjal

Eg er heime og ferierar (eller eigentleg avspaserer) for tida......
......., så det blir god tid til både husarbeid og hobbyar.
I går begynte eg på dette sjalet i Mandarin Petit og Plumet.
Det er eit pt mønster, og eigentleg skulle eg ha brukt pt Pandora -
men eg brukar MP pga. at det har eg mykje av i garnlageret mitt.
Dette sjalet er kjempegøy å hekle, og det går veldig fort med krok nr. 5.
(Eg kunne sikkert med fordel ha brukt 4,5, for eg heklar litt laust).
Er halvferdig allereie!!

21 juni 2010

Ventar på sommarvarmen

I dag har det vore fint ver, men sommarvarmen lar vente på seg,
her på Vestlandet i alle fall.......
Eg er i heklemodus enno, så no har eg funne fram diverse single nøster med babyull frå garnlageret, og har begynt på eit nytt teppe.
Det er ikkje så stort, så det blir vel eit babyteppe eller liknande.
Får sjå korleis det utviklar seg.
Når det gjeld mønster og inspirasjon,
fann eg det her hos Attic24!!
Bordet som er laga av Strikkefar (eller skal eg heller kalle han Handyman !?),
er tatt i bruk :-)

Denne fine og romslege veska fekk eg av Lappetausa til bursdagen min
i forrige veke.
Den er sydd av Timotei! Ta ein titt i butikken hennar!

18 juni 2010

Sommarferie!

Strikkefar har laga dette hagebordet til meg!
Då vi flytta stampen tidlegare i vår,
saga vi ut ein sirkel i treplattingen der stampen skulle stå.
Denne sirkelen er no blitt til eit bord, gjenbruk sort of :-)
Det er beisa i uttynna kvit beis og skal flyttast ned igjen på plattingen
når det er skikkeleg tørt.
Elles har eg vore skikkeleg forkjøla denne veka, men er oppadgåande no.
Har tilbrakt mykje tid på sofaen, og litt hekling har det blitt.
Dette babyteppet begynte eg på i fjor sommar,
for å få brukt opp ein del av babyullgarnet mitt.
No har det endra status frå UFO til HEILT FERDIG!

Eg har fått sommarferie, men sommarveret lar vente på seg!

13 juni 2010

Sommarleg ullpledd

Det har vore litt einsformig og kjedeleg her på bloggen min
dei siste 6-7 vekene.
Men no er eg endeleg ferdig med teppet,
og sommarferien er like rundt hjørnet!
(Berre ei veke igjen...)

Eg hekla saman bestemorsrutene med fastmasker på vranga.
Hekla deretter to omgangar med stavgrupper rundt,
og til slutt ein bølgekant.

Minstemann synest det klør litt, men at det ikkje gjer noko......
Teppet er hekla i rein ull, ikkje superwashbehandla.
Det er ganske lett for eg har brukt mest Finullgarn og PT2,
(men også ein god del andre merker).
Det er ikkje vaska, blokka eller dampa.

03 juni 2010

Nesten i mål

Takk for alle dei hyggelege og oppmuntrande kommentarane
som eg fekk på forrige innlegg!!
***
No er eg snart ferdig med alle dei 96 lappane til lappeteppet.
Det har eigentleg gått ganske fort.
Det er berre litt over ein månad sidan eg begynte på dette prosjektet.
***
Eg kjem nok til å hekle saman teppet med fastmasker på vranga.
Brukar Finull frå Rauma. Det går fort og greitt!