22 juli 2010

Isoporhode frå Sverige

Ein har ikkje anna moro enn den ein lagar sjølv, har eg høyrt!
I dag kom dette isoporhovudet i posten.
Trur eg kan få mykje glede av det.........
Kjøpt hos Panduro.
Lua og sjalet er til sals i eplabutikken min.

20 juli 2010

Romantisk løpar

Eg har sydd ein liten løpar av blomstrete stoff frå lageret mitt.
Eit enkelt og overkommeleg prosjekt!
Mønsteret til løparen fann eg i denne boka.

Dette er ei kjekk og inspirerande lappebok!
Her er eit bilde frå gårsdagens tur til Måløy.
I bakgrunnen ruver Hornelen, Nord-Europas høgste sjøklippe.
Bildet er tatt på Almenningfjellet.

15 juli 2010

NM i fjorhest

Onsdagens tur gjekk til Ørsta der det er NM i fjordhest denne veka.
Kusina mi, Audhild, deltok med fjordingen Knapstad.
Mellom slaga blei det det tid til både kafebesøk og shopping i Ørsta/Volda.

14 juli 2010

Tur til Hopland

Sommarveret her på Vestlandet i år er ikkje noko å skryte av,
for å seie det mildt.
Men temperaturen no er ikkje så aller verst,
så det er ok å vere ute likevel.
I dag var eg på tur til Hopland i Stryn kommune saman med
mann, 1 barn, og tre av besteforeldrene.

Vi var på kafe. Der var det også ein butikk som sel heimelaga ting.
Mora mi og eg kjøpte oss kvar vår fillerye.
Vakker natur i Nordfjord er det uansett ver!

09 juli 2010

Uglepose

Eg har planar om å sy mange sånne enkle posar til å ha strikketøy i.
Har mykje stoff liggande som må ut av skapet....
No er i alle fall den første posen ferdig,
så vil tida vise kor mange det blir!

Eg har lagt posen ut for sal i eplabutikken min.
Gjer det mest for moro skyld, ikkje så mykje pengar å tene på
handarbeid i forhold til kva "råvarene" kostar og tida ein brukar.
Det er ikkje så nøye om det blir seldt heller,
for eg lagar berre ting som eg kan tenke meg å ha sjølv :-)

08 juli 2010

Handletur

I dag var Lappetausa og eg på handletur i nabokommuna.
For ein gongs skuld var det ikkje hobbyartiklar,
men kle vi konsentrerte oss mest om.
Men litt stoff og garn blei det likevel handla.
Garnet gler eg meg til å prøve.
Det er Online 6-tråda med Aloe vera, Jojoba og vitamin E.
Det blir første gong eg strikkar med eit garn som inneheld vitaminar :-)
Fargane i garnet er i alle fall nydelege!
Kjøpte litt einsfarga stoff av ein grønfarge eg likar godt
og ein liten tilbodsbit i brunt.
Det kvite er ein bit med antiskli"stoff", som vi skal bruke til ruskepose.

07 juli 2010

Fleire klutar

Eg klarar visst ikkje å slutte å hekle.
Finn stadig ut nye ting eg har lyst til å lage.
Har hekla ein stripete klut med fastmasker i bakre maskeledd.
Såg at Synnøve Olava har hekla klut med halvstavar i bakre makseledd,
så då måtte eg prøve det og. Det gjekk raskare.
Til desse klutane har eg brukt Mandarin Naturell.

06 juli 2010

Crochet Coasters

Eg har hekla nokre glassbrikker i Mandarin Petit.
Dei er hekla delvis etter dette mønsteret her.
Raskt og kjekt lite sommararbeid!
Har lagt dei ut for sal i epla-butikken min.

Har hekla to klutar til i Mandarin Petit og Mandarin Classic.
Den lilla kluten strikka eg i vår.

02 juli 2010

Hildepinne

Har flytta butikken min til epla.
Her heiter eg Hildepinne, kjært barn har mange namn!
Litt vanskeleg å finne eit godt namn i farta......
Har allereie selt eit produkt,
men det er vel begynnerflaks!
$$$
Trur butikkgreia er eit utslag av all ryddinga
eg har halde på med dei siste to vekene.
Greit å få vekk litt liksom :-)

01 juli 2010

Hekla klut

Dette er min første hekla oppvaskklut.
Den er hekla i Mandarin Petit, krok 3,5.
Ide og mønster her.
***
Den blei veldig god, er tatt i bruk allereie ;-D