30 desember 2011

To enkle halsar

Eg har strikka to enkle halsar i tjukt garn på tjukke pinnar.
Den grønne er strikka i Balder frå Viking.
Inspirasjon og mønster fann eg i boka Lune masker.
Så ein vridd hals strikka etter dette Pickles-mønsteret.
Har brukt denne fargen.
Dette er den tredje halsen eg har strikka
etter dette mønsteret i år.
God modell og garnet er fantastisk mjukt og behageleg.

Fargen er litt mørkare enn kva det ser ut som her.

29 desember 2011

Skjerf til lua

Vottane frå innlegget under er midlertidig parkert
grunna problemer med mønsteret.
Det stemmer ikkje heilt,
og mønsteret stemmer ikkje heilt overens med votten på bildet,
så eg er ein smule irritert....
Må konferere med nokon som har litt meir
erfaring i å strikke selbuvottar.
***
Men eg har i alle fall fått strikka ferdig eit skjerf i Freestyle frå Dale.
1. juledag måtte eg ty til hodelykt pga. stormen Dagmar,
noko som var ein ny strikkeoppleving!
Lua strikka eg i fjor. Ravelry link.
Modellen er veldig god, og det er også garnet Freestyle.
(Sjølv om det utvidar seg litt i bruk).
Mønsteret på skjerfet er enkelt.
La opp 42 m.
Strikka 3 r, 3 vr i tre omg.
Så forskauv eg ei maske kvar 3. omg.

25 desember 2011

1. juledag

I dag er det godt å slappe av etter alle juleførebuingane!
Ikkje det at vi styrer så utruleg her i huset,
men litt blir det no alltids når ein er ein familie på seks.
Vi var heldige som også hadde to besteforeldre
saman med oss på julekvelden.
***
Denne fine pakken med stoff og mønster frå Northern Quilts,
fekk eg i julegåve av Lappetausa.
Gler meg til å begynne på den!
***
Det gav meirsmak å strikke dei 24 små vottane i adventskalendaren,
så no har eg begynt på eit vottepar i damestr.
Selbuvottar i Daletta frå boka Strikkelyst
av Lily Secilie Brandal og Bente Myhrer.
Ei veldig kjekk og nyttig bok å ha i bokhylla :D

24 desember 2011

God jul til alle mine bloggvenner!

23 desember 2011

Fire luer

Eg har strikka fire luer i herrestr.
Tre av dei er strikka etter mønsteret til Kristin
som har eplabutikken: huvan.epla.no
Mønsteret står i boka Eplas jul.
Den fjerde lua er strikka etter dette mønsteret til Niko.
Eg strikka ei sånn lue for nokre år sidan.
Det er eit veldig kjekt mønster.
Kan vere litt vanskeleg å treffe med størrelsen,
denne blei litt stor.

22 desember 2011

Desemberstrikk

Bloggen min har ikkje hatt så høg prioritet i desember,
men strikke gjer eg nesten kvar dag likevel.
Det har blitt mykje vottestrikk, og no har eg tova dei siste fire para.
Desse er strikka i Fritidsgarn etter samme mønster som dei under.
Tre i damestr. og eit i herrestr.
***
Det er alltid tilfredsstillande å få brukt av garnlageret,
og no har eg brukt opp nesten alt Fritidsgarnet........

08 desember 2011

8. desember

Når ein først skal tove i vaskemaskina,
er det greit å samle opp litt.
Difor har eg begynt på eit nytt vottepar i Fritidsgarn,
frå garnlageret sjølvsagt :)

Så har eg funne fram denne nissefamilien
som eg har hatt i MANGE år,
men aldri gjort ferdig.
Skal verkeleg prøve å få den ferdig i år.
Så får vi sjå om der kjem ein nissefar inn i bildet eit anna år......

05 desember 2011

Tova vottar

Det går fortsatt i vottar.
Har strikka og tova fire par og begynt på det femte.
Damevottane er strikka etter dette mønsteret.
Blånissevottane er strikka etter mønster kjøpt på Nille.

27 november 2011

Adventskalender

Det har vore utruleg kjekt å strikke desse 24 små vottane.
Alle ulike både på framsida og baksida.

Mønster: Dale
Garn: Falk

Har hengt vottane på ei trollhassel-grein i eit av kjøkkenvindauga.
(over lysestaken i raudt og grønt frå rundt 1990 ... :D )

24 november 2011

Adventskalender og tova vottar.

Denne månaden har eg kosa meg med å strikke adventskalender.
24 små vottar i ulike mønster.
Kjem tilbake med fleire bilde når den er ferdig.
Eg har to vottar igjen å strikke,
og synest eg har vore flink som har halde meg til eit prosjekt,
(stort sett i alle fall....).
P.S. Der er mønster på desse vottane i siste Familien.

I går måtte eg ha litt variasjon og begynte å strikke vottar som skal tovast.
Link til mønsteret fann eg på bloggen til Timotei.

"Bestapusen" luktar at vi skal ha fisk til middag i dag :D

14 november 2011

Gåver i posten

For nokre veker sidan var eg så heldig
å bli trekt ut som vinnar og trøstepremievinnar i Give Away
hos Ronille og Drømmequilten.
Her er dei fine premiane eg fekk.
Spanande sokkegarn i flotte fargar, flott julestoff og litt tilbehør.
Takk til både Ellinor og Siv Hege!!
I dag fekk eg ei ny bok av bloggen min, årgang 2007.
Hadde 2008 frå før av.
Har som så mange andre bestilt hos Blog2Print.
Kjekt å ha ei sånn minnebok!
Tåkete november.....

13 november 2011

Nytt kamera og oktoberprosjekta mine

Eg har endeleg fått kjøpt meg nytt kamera!!
Det gamle Canon-apparatet som eg har hatt heilt sidan
eg starta å blogge for snart 5 år sidan, ville ikkje meir :(
Det var veldig trist og vemodig,
sidan eg likte det apparatet veldig godt.
***
Men no når eg har fått meg nytt,
ser eg at mykje har endra seg dei siste åra,
også når det gjeld digitale fotoapparat.
Så no er eg happy for å ha fått eit nytt :)
***
Også denne gongen har eg kjøpt kamera hos
Alf Helgheim & Co AS på Skei i Jølster.
Ein forhandlar eg anbefalar alle som bur i nærleiken å bruke.
Der fekk eg hjelp til å finne eit godt og billig kamera til mitt bruk.
Dette kamerat skal visst ta gode bilde utan blits inne,
noko som er viktig for bloggarar....
(Kun kr 1995,-)

Her er oktoberprosjekta mine.
Var dårleg i eit handlegg og måtte strikke noko enkelt og lett.
Det blei to til sjal av denne typen.
Det rosa/grå er strikka i Fabel og det gråbrune i Fin.

Og så ein enkel hals i Mitu.
Her la eg opp 156 m.
100 gram, pinne nr. 4.
Grønn november, søndag 13. nov. klokka 13.
Til samanlikning: sjå grå november 2010.

05 november 2011

Pulsvarmarar

Sidan eg fortsatt er utan fotoapparat,
får eg vise fram "gamle" bilde som eg har liggjande på PC'en.
Desse pulsvantane strikka eg i vår/sommar.
Det verka som ein god ide då, no veit eg ikkje heilt...
La opp 25 masker med dobbelt garn
(ein tråd Kitten Mohair og ein tråd sølvgarn m/knottar).
Pinne nr. 4,5.
Strikka riller til dei gjekk rundt handleddet og sydde i hop.


31 oktober 2011

Siste innlegg i oktober.....

Eg er utan fotoapparat for tida, og det er uvant - og trist :(
Blei litt lei av isoporhodebildet på sida mi,
så no har eg leita fram bilde av prosjekt
som ikkje har vore publisert før.
Desse to sokkepara strikka eg i sommar.
Dei blei overlevert til to søte tvillinggutar i Trondheim,
då vi var på veg nordover til Mosjøen.
Sokkane er strikka i restegarn (mest Opal).

20 oktober 2011

Tubeskjerf i silkeull

Kathrine Gregersen frå Nøstebarn presentrerte
gratismønster på to tubeskjerf på bloggen sin
for nokre veker sidan.
***
Då sonen min på 16 år var baby,
strikka eg ein del undertøy av garn frå Nøstebarn.
Eg strikka til og med bleiebukser og brukte tøybleier ein periode!!
Vel, har hatt liggande ein bunt med ubleika silkeull,
som no er blitt til eit herleg tubeskjerf.
***
Det som ikkje er så kjekt,
er at kameraet mitt oppfører seg litt merkeleg i dag.
Luka framfor linsa vil ikkje opne seg skikkeleg :(
Difor dette "kunstneriske" bildet med mørke parti........

14 oktober 2011

Sjal/skjerf

Drops har mange fine gratismønster på sida si,
og her er eit av dei.
Eg har sett på dette mønsteret ei stund,
men kom ikkje i gang med sjal/skjerfet
før eg såg det fine som Timotei har strikka.
Eg hadde to nøster med Drops Delight liggande,
så då valde også eg det garnet i staden for Fabel.
Strikka det litt større enn mønsteret sa, og fekk akkurat nok garn.
Det gjekk nemleg meir garn enn eg hadde trudd
til heklakanten rundt.

13 oktober 2011

To enkle luer

Eg har strikka to superenkle luer.
Den rosa/lilla er strikka i Odin frå Viking.
Den er til tantebarnet mitt på 11 år.
Mønster:
La opp 88 masker på pinne nr. 4,5.
Strikka ca. 7 cm. Gjekk over til pinne nr. 5 og la opp 4 ekstra masker.
Strikka i ca. 22 cm før eg begynte på fellinga.
Strikk 2 m, strikk to masker saman osv.
strikk 2 omg. utan felling.
Strikk 1 m, strikk 2 saman osv.
Strikk 1 omg. utan felling.
Fortsatte slik til det var passeleg med masker til å snurpe saman.
***
(Eg kunne ha strikka meir enn 22 cm før fellinga,
for der var garn til overs.)
Denne lua er strikka i Alfa frå Sandnes.
Her la eg opp 68 m på pinne nr. 7.
Fann eit mønster i eit Sandneshefte (tilbehør- tema 12)
Den har ein hekla kant nede, men blomen hoppa eg over.

05 oktober 2011

Fleire sokkar

Har stupt lenger ned i kassa med sokke/strømpegarn.
Desse sokkane har eg strikka i dobbel Opal.
Brukte pinne nr. 3 for at dei skulle bli litt faste.
Eg blei inspirert av det melerte sokkeparet i boka
Strikk luer, votter, sokker av Ann-Mari Nilsson.

Så måtte det bli eit strømpepar til Minstemann i Fabel.


28 september 2011

Onsdagsoppdatering

Eg ser rundt om på bloggane at det er mange som strikkar sokkar for tida.
Eg held meg til enkle variantar slik at det skal gå fort,
og eg får slanka mitt rikhaldige garnlager :D
Desse sokkane er strikka i Regia på pinne nr. 2,5.
Mønster: Har til ein forandring strikka 3 rette, 1 vrang.
Var innom ein garnbutikk i dag
og fekk med meg dei siste katalogane til Pt design.
Ser at dei har hatt ein liten ansiktsløfting på katalogane sine.
Det gjorde seg!
Bok nr. 18
Det har blitt lite lesing på meg dei siste månedane,
i alle fall når det gjeld skjønnlitteratur.
Denne boka begynte eg på i sommar og har hatt den med både hit og dit.
No er eg endeleg ferdig med den (jippi!!).
Dette er den tredje boka eg har lese av Kate Morton.
Er litt usikker på kva eg meiner om den, ingen pageturner i alle fall.
Men godt skriven og kjekk å lese for dei som likar gamle slott,
og koselege engelske mysterium frå gamle dagar.
Har lånt vekk boka allereie, men trur den er på ca. 650 sider.

23 september 2011

Tjukke sokkar

Denne veka har eg strikka desse sokkane i eit tjukt garn
(150 grams nøste) frå Järbo Garn.
La opp 44 masker på pinne 3,5.
Passar str. 37-38.
Fargen på bildet her er ikkje heilt rett.
Lillafargen er altfor blå.

I går kom endeleg den siste boka
til Arne & Carlos frå Hobbyklubben.
Om og når eg kjem til å lage noko frå denne boka, veit eg ikkje.
Men den er absolutt eit must for oss som samlar på hobbybøker!
Veldig proff og mykje fin design!!!
Det skal bli spanande å sjå om desse dukkene
blir like populære som fjorårets julekuler.