29 juni 2011

Fleire epleposar/etui

Har hekla to etui/posar til.
Ein fin måte å få brukt opp restegarn på.
Muskat og Svale igjen.

27 juni 2011

Epleposar

I dag har Minstemann og eg berre sløva og kosa oss inne
etter utedagen på fjellet i går.
Den Gode Feen linkar til diverse bloggar i dag,
blant anna Pepperkakehuset.
Der fekk eg sjå desse søte hekla epleposane,
eller epluier som ho kallar dei.
Ho har funne ideen på bloggen Mollie makes.
Før frukost hadde eg hekla ein
+ vore på matbutikken og handla modellar
( dvs. epler i ulike størrelsar).

Ein treng ikkje mønster til desse eigentleg. Det er berre å hekle ein sirkel, fortsetje oppetter utan å auke og til slutt hekle fram og tilbake eit stykke. Hekle ei hempe og sy i ein knapp.
Mine er i to ulike størrelsar. Den lilla er litt større. Der hekla eg ein tungekant oppe og rundt opninga i ein annan lillafarge. Har brukt Svale og Muskat til desse to og krok nr. 3,5.

26 juni 2011

Seterliv og hekling

I dag hadde vi ein fin dag på setra.
Veret var ikkje så verst,
sjølv om sommarvarmen lar vente på seg.
Litt hekling blei det også tid til.
Det går i glassbrikker for tida.

Søte lam som gjerne ville bli klappa.

Nye varer i epla-butikken min:

6 like brikker i Mandarin Petit.
4 like i samme garnet.
Synest denne fargen er så fin.
Den er litt grønngul.
4 like brikker hekla i Fiol.

22 juni 2011

Kjøkkenklutar

Eg prøver å bruke opp litt av bomullsgarnet mitt.
I vår/sommar har eg difor strikka/hekla ein del klutar.
Har brukt dobbel tråd av Mandarin Petit til dei strikka ,
og enkel til den hekla.
No har eg endeleg fått festa trådar
og fotografert dei.
Eg hekla nokre slike klutar i fjor sommar.
Har blant anna skrive om dei her.

21 juni 2011

Hekla klutar

Kluten frå innlegge under er ferdig.
Har hekla ein i omvendte fargar også.
Oppvaskbørste frå Rice.

19 juni 2011

Hekla klut

I dag har eg begynt å hekle på denne kluten i
Safran frå Garnstudio.
Ide og mønster på bloggen til Wenche.
Synest dette mønsteret blir fint,
og det er veldig enkelt og kjekt å hekle.
Skiftande ver i dag. Sol og varme innimellom regnbyene.
Her har det nettopp begynt å regne igjen.

18 juni 2011

Sommarferie

Det har vore to hektiske veker på slutten av skuleåret.
Mange avslutningsfestar på kveldstid
og ein del ekstra jobbing for å bli ferdig til ferien.
Eg er nesten ferdig....
Hekling er ein fin måte å stresse ned på.
Eg har hekla nokre glassbrikker,
som eg skal selje på Eplabutikken min.

Mønster på brikkene fann eg i boka:
"Beyond the square, Crochet motifs".
Men brikkene på det nederste bildet har eg hekla utan mønster,
etter å ha sett nokre kjempefine brikker på denne bloggen.

06 juni 2011

Junitåke

Bilder tatt i hagen i kveld.
Vi har hatt stort sett dårleg ver i vekesvis, mykje regn.
Men grønt og fint er det i alle fall blitt......

05 juni 2011

Bomullspads

Eg måtte prøve ut dette med heimestrikka bomullspads.
Gratismønster hos Drops her.
Dei fungerer faktisk veldig bra!
Så spørst det om ein orkar arbeidet med vaskinga.
Klutane må i alle fall samlast opp og vaskast i vaskepose.