27 november 2011

Adventskalender

Det har vore utruleg kjekt å strikke desse 24 små vottane.
Alle ulike både på framsida og baksida.

Mønster: Dale
Garn: Falk

Har hengt vottane på ei trollhassel-grein i eit av kjøkkenvindauga.
(over lysestaken i raudt og grønt frå rundt 1990 ... :D )

24 november 2011

Adventskalender og tova vottar.

Denne månaden har eg kosa meg med å strikke adventskalender.
24 små vottar i ulike mønster.
Kjem tilbake med fleire bilde når den er ferdig.
Eg har to vottar igjen å strikke,
og synest eg har vore flink som har halde meg til eit prosjekt,
(stort sett i alle fall....).
P.S. Der er mønster på desse vottane i siste Familien.

I går måtte eg ha litt variasjon og begynte å strikke vottar som skal tovast.
Link til mønsteret fann eg på bloggen til Timotei.

"Bestapusen" luktar at vi skal ha fisk til middag i dag :D

14 november 2011

Gåver i posten

For nokre veker sidan var eg så heldig
å bli trekt ut som vinnar og trøstepremievinnar i Give Away
hos Ronille og Drømmequilten.
Her er dei fine premiane eg fekk.
Spanande sokkegarn i flotte fargar, flott julestoff og litt tilbehør.
Takk til både Ellinor og Siv Hege!!
I dag fekk eg ei ny bok av bloggen min, årgang 2007.
Hadde 2008 frå før av.
Har som så mange andre bestilt hos Blog2Print.
Kjekt å ha ei sånn minnebok!
Tåkete november.....

13 november 2011

Nytt kamera og oktoberprosjekta mine

Eg har endeleg fått kjøpt meg nytt kamera!!
Det gamle Canon-apparatet som eg har hatt heilt sidan
eg starta å blogge for snart 5 år sidan, ville ikkje meir :(
Det var veldig trist og vemodig,
sidan eg likte det apparatet veldig godt.
***
Men no når eg har fått meg nytt,
ser eg at mykje har endra seg dei siste åra,
også når det gjeld digitale fotoapparat.
Så no er eg happy for å ha fått eit nytt :)
***
Også denne gongen har eg kjøpt kamera hos
Alf Helgheim & Co AS på Skei i Jølster.
Ein forhandlar eg anbefalar alle som bur i nærleiken å bruke.
Der fekk eg hjelp til å finne eit godt og billig kamera til mitt bruk.
Dette kamerat skal visst ta gode bilde utan blits inne,
noko som er viktig for bloggarar....
(Kun kr 1995,-)

Her er oktoberprosjekta mine.
Var dårleg i eit handlegg og måtte strikke noko enkelt og lett.
Det blei to til sjal av denne typen.
Det rosa/grå er strikka i Fabel og det gråbrune i Fin.

Og så ein enkel hals i Mitu.
Her la eg opp 156 m.
100 gram, pinne nr. 4.
Grønn november, søndag 13. nov. klokka 13.
Til samanlikning: sjå grå november 2010.

05 november 2011

Pulsvarmarar

Sidan eg fortsatt er utan fotoapparat,
får eg vise fram "gamle" bilde som eg har liggjande på PC'en.
Desse pulsvantane strikka eg i vår/sommar.
Det verka som ein god ide då, no veit eg ikkje heilt...
La opp 25 masker med dobbelt garn
(ein tråd Kitten Mohair og ein tråd sølvgarn m/knottar).
Pinne nr. 4,5.
Strikka riller til dei gjekk rundt handleddet og sydde i hop.