13 november 2011

Nytt kamera og oktoberprosjekta mine

Eg har endeleg fått kjøpt meg nytt kamera!!
Det gamle Canon-apparatet som eg har hatt heilt sidan
eg starta å blogge for snart 5 år sidan, ville ikkje meir :(
Det var veldig trist og vemodig,
sidan eg likte det apparatet veldig godt.
***
Men no når eg har fått meg nytt,
ser eg at mykje har endra seg dei siste åra,
også når det gjeld digitale fotoapparat.
Så no er eg happy for å ha fått eit nytt :)
***
Også denne gongen har eg kjøpt kamera hos
Alf Helgheim & Co AS på Skei i Jølster.
Ein forhandlar eg anbefalar alle som bur i nærleiken å bruke.
Der fekk eg hjelp til å finne eit godt og billig kamera til mitt bruk.
Dette kamerat skal visst ta gode bilde utan blits inne,
noko som er viktig for bloggarar....
(Kun kr 1995,-)

Her er oktoberprosjekta mine.
Var dårleg i eit handlegg og måtte strikke noko enkelt og lett.
Det blei to til sjal av denne typen.
Det rosa/grå er strikka i Fabel og det gråbrune i Fin.

Og så ein enkel hals i Mitu.
Her la eg opp 156 m.
100 gram, pinne nr. 4.
Grønn november, søndag 13. nov. klokka 13.
Til samanlikning: sjå grå november 2010.

4 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Gratulerer med nytt flott kamera!
Bilder tatt inne, spesielt på kveldstid, er ikke lett å få frem fargene godt nok - syns jeg......
Det er flotte sjal du har strikket, de er sikkert gode og lune å ha på denne tiden av året. Ha en riktig fin søndag.

Besta sa...

Du må underrette oss på bloggen om korleis du likar det nye kameraet ditt. Eg har vurdert å kjøpe speilrefleks, men det er snart ikkje fotoforretningar att, og ein treng litt rettleiing-i alle fall eg, som kan veldig lite om fotografering. Eg berre "knipsar". Lykke til med det nye apparatet ditt.

solveig sa...

Gratulerer med nytt kamera! Slike kamera vert fort "gamle". Ein får stadig meir for pengane. Fem år er bra levetid.

Timotei sa...

Gratulerer med nytt kamera! Et bra kamera er nesten en nødvendighet for oss håndarbeidsbloggere :-)
Mye fint du har strikka også!