26 februar 2012

Enkle strømper

Eg har strikka ferdig to par strømper i tynn ull.
Paret til venstre er strikka i Silja, kjøpt på Spar Kjøp for mange år sidan.
Paret til høgre er strikka i Opal.
Paret i Opal er strikka delvis etter Blueberry Waffle-mønsteret.
Eg likar dette mønsteret veldig godt.
To omg. med to rette to vrange, og to omg. glattstrikk osv.
Mønsteret er enkelt og greit og gir god fasong!
Opalgarnet er også ein favoritt.
Silja-garnet er eg derimot ikkje så glad i.
Synest det blir for glatt, for lite "ullete" og verkar ikkje så varmt.
Men det er eit billig garn, så det er vel bra i forhold til prisen.
I vinterferien har eg lese denne boka på ca. 500 sider.
Romanen er ein engelsk bestseljar som er lettlesen og velskriven.
Handlar om fleire kvinnerskjebnar i ulike tidsepokar, eit familiedrama.

22 februar 2012

Vinterferie

Vinterferie-snadder....
Denne veka har eg vinterferie :D
I går hadde Minstemann bursdag og blei 8 år!
Det feira vi med stort familieselskap,
så i dag er det godt å slappe av med litt lesing, data, strikking
og snart trening og spa....
Minstemann kosar seg med å spele Wordfeud på mobilen min.

19 februar 2012

Vinteridyll

"Vinteridyll"-puta sydde eg for eit par år sidan.
Den er kjekk å ta fram kvar vinter.
I år har eg strikka mine første Selbuvottar.
Dei er langt frå perfekte
og er i største laget,
sjølv om dei er strikka i damestr.
Vottane er strikka i Heilo frå Dale.
Koks og naturkvitt er berre så fint til vottar av denne typen!
Mønsteret fann eg i boka Strikkelyst av Brandal og Myhrer.
Eg kjem nok til å strikke fleire Selbuvottar,
men vil bruke eit anna mønster neste gong.
Idyll på "skyggesida".

Kjekt i akebakken!

12 februar 2012

"Annes populære vott"

I morgon er det to veker sidan A's almanakk
pryda framsida av Allers,
og mange av oss strikkebloggarar kjøpte bladet
berre for å lese artikkelen om henne.
Eg har sett på desse vottane før,
men no blei eg skikkeleg motivert til å strikke dei.
Det raude paret er strikka i Freestyle frå Dale
og det blå i dobbel alpakka frå Drops.

Det var veldig enkelt, rakst og kjekt å strikke desse vottane!!
Bålveden på bildet er slikt som "vi"(gutta) har samla opp rundt naustet
etter Juleorkanen.

Morsdag

Minstemann kom med roser til mor på fredag!!
Rosene passar utruleg godt til denne duken som eg sydde for nokre år sidan.

Morsdagsgåvene kjøpte eg sjølv i går :D
Ann-Mari Nilsson har kome ut med ny strikkebok.
Det har også Arne & Carlos.

Primula Design hadde posesal på stoff denne helga.
Kun 200 kr for alle desse stoffbitane.
Dei fleste av dei er 50 cm og full breidde, så dette var eit godt kjøp!!

05 februar 2012

Hals og hue

For ei stund sidan begynte eg på ei hue i Odin frå Viking.
Eg tenkte at det måtte gå bra å strikke denne modellen i Odin.
I begynnelsen såg det veldig bra ut,
passeleg stort, og stripene var veldig fine,
men den ferdige hua blei altfor vid og stor.
Garnet var litt vanskeleg å få rekt opp,
så då kom eg på at det kunne bli til ein hals i staden for.
Eg rekte opp fellingane og auka ekstra ut.
Halsen er nydeleg å ha på,
og den ligg fint over skuldrane.
Den brune hua på bildet er strikka i Misti frå DSA.
Det er Hobbyugla som har laga mønsteret.
Har ikkje prøvd den enno, men den ser lovande ut.
P.S. (Ei veke seinare: Hua er skikkeleg god!!)