30 april 2012

Sikk sakk- mønster

Babyteppe nr. to av diverse restar i babyull er ferdig.
Det går fort å hekle desse små teppene
 med dobbelt garn og tjukk krok.
***
Litt meir tid tar det å hekle eit sofapledd.
Likevel har eg starta på ikkje mindre enn to.
Her er det eine som er i lilla og gråtonar.
Vi er tre på jobben no som har begynt
 å hekle pledd i Daletta frå Dale.  
Eit lett og fint ullgarn. 
 Litt få fargar å velje mellom,
 men elles eit supert garn til eit sånt prosjekt.
***
Eg har litt problem med kameraet mitt for tida.
Det er ute av stille, så bildet er ikkje så bra.
Viss fleire har lyst til å bli med,
kjem eit enkelt mønster her.
Sikksakk-pledd:
Legg opp ca. 235 luftmasker på krok nr. 5.
Du får nokre masker til overs,
men dei kan enkelt rekkjast opp etterpå.
Gå over til å bruke krok nr. 3,5 eller 4
alt etter om du heklar laust eller fast.
Hekle 1 stav i fjerde luftmaske frå kroken. 
Hekle 10 stavar til i dei komande 10 lm.
Du skal ha 12 stavar i kvar ende av pleddet,
og 11 lm mellom kvar felling/auking.
(Dei tre første luftmaskene tel som ein stav).
Hopp over to luftmasker og hekle 11 stavar i dei komande 11 lm.
Hekle 2 luftmasker og 1stav til i den samme lm
 som den siste av dei 11.
Hekle 10 lm i dei komande 10 luftmaskene.
Hald fram på denne måten til du har
19 fellingar og aukingar til saman og
10 spissar nedover.
Avslutt med 1 ekstra stav i lm nr. 11.
Snu med tre lm.
Variasjon:
På det eine pleddet mitt heklar eg 10 lm mellom
kvar felling/auking.
Då får du 11 spissar.
Pleddet blir ca. 115 cm i breidda.

19 april 2012

Mitt første Multnomah

Endeleg har eg prøvd dette mønsteret .
 Veldig enkelt og kjekt å strikke,
 så dette kjem eg heilt sikkert til å strikke fleire av! 
  Mitt Multnomah er strikka i Inca-alpakka frå Rauma.
Det veg ca 90 gram. 
Inca loar ganske mykje medan du strikkar,
men er veldig godt i bruk.
Vår :D
Garnstatus hittil i april:
Garn brukt: 400 gram.
Garn kjøpt:  300 gram.

15 april 2012

Ok, ok ... her kjem godbitane.....

Tur til Moa/ Ålesund

I går vart eg med søstra mi til Ålesund 
for å besøke nevøen min som studerar der.
Det blei sjølvsagt litt shopping og.....
Var blant anna innom Lappestua på Moa,
som har hatt ein skikkeleg ansiktsløftning 
sidan sist eg var der (mai i fjor).
Lunsj må til!

12 april 2012

Uhu, uhu....

 Ideen til desse uglene fann eg på bloggen til Den Gode Feen.
Flott prosjekt for elevane mine i kunst og handverk 
som nettopp har lært å strikke.
Eg koste meg faktisk eg og då eg laga desse modellane, 
så dette kan vere kjekt for barn i alle aldrar!
 

11 april 2012

Nytt teppe og torsk til middag i morgon ..............


 Sidan der er meir garn igjen i babyull-kassa, 
og det var veldig kjekt å hekle sikksakk,
har eg begynt på eit nytt lite teppe. 
 
 Eg heklar fortsatt med dobbelt garn og krok nr. 5.

Minstemann har vore på fisketur med pappaen i kveld,
og han fekk denne fine torsken på stang frå land!

07 april 2012

Teppe med sikksakkstriper

Det er herleg å ha påskeferie,
berre synd dagane går så fort!
Vi har hatt fint ver dei siste dagane,
men det har vore kaldt.
Vi fyrer i ovnen nesten kvar kveld...
Eg har funne fram kassa med babyullgarn
og har hekla dette babyteppet.
Det gjekk fort med dobbelt garn og krok nr. 5.
Brukte mønsteret til
Bente Myhrer og Lilly S. Brandal
frå boka
Hekling- Gammel teknikk i ny design.

Garn brukt: 310 gram.
Garn kjøpt etter 1. april: 0 gram :D
(skal begynne å registrere garnforbruk og garnkjøp
for å motivere meg sjølv til å bruke av det
stadig veksande garnlageret mitt.
Håper det hjelper!)