26 oktober 2012

Hals i alpakka

(Sjølvportrett som vanleg.....)
Eg har strikka ein til hals i
Faerytale frå Du Store Alpakka (DSA).
Denne gongen strikka eg den varianten
som går to gongar rundt halsen.
***
Veldig god og mjuk!!
Fargen er oransj/rustraud og veldig fin.....

15 oktober 2012

Trekantsjal

 Eg har hekla nok eit trekantsjal
med form som ei halv bestemorsrute. 
Sjalet er hekla i Dale Royal alpakka.
3 nøster grønt og 1 nøste grått.
Bileta blei tekne i går.
I dag er det heldigvis mykje mildare ute!

12 oktober 2012

Haustmorgon


 
.....Skulle ha hatt eit speilreflekskamera i dag.....

11 oktober 2012

"Herlig hals"

Denne veka har eg haustferie og sløvar (kosar) meg heime.
Det blir litt meir strikking enn vanleg.
Eg har blant anna gjort ferdig denne ufo'en frå i fjor haust.
Det er ein hals strikka i Finull frå Rauma.
Gratismønster signert Strikkelisa.
Ravelry link her.
Mønsteret heiter "Herlig hals",
og det er verkeleg ein herleg hals.
Etter å ha tova den i maskina på finvask 40 grader,
blei den utruleg mjuk og god!!  
Eit godt alternativ til Marte Helgetun sine halsar,
viss ein likar betre ull enn alpakka.

09 oktober 2012

Pledd i Daletta


 Eg har ikkje vist fram pleddet mitt
som eg begynte på i vår. 
Det har vore ferdig ei lita stund no.
***
Vi var fire på jobben og to til som begynte omtrent samtidig. 
Alle hekla i ulike fargar,
 to i alle fall brukte random stripe generator.
Eg har eit system i mitt,
noko som viser på det nederste bildet.
***
Fire av oss hekla i Daletta frå Dale. 
Det er eit herleg garn som er
både lett og gir god varme. 
Pleddet mitt veg ca. 900 gram.
Eg hekla etter dette mønsteret.

07 oktober 2012

Mariusgenser



 Mariusmønsteret er populært for tida,
 ingen tvil om det!  
Denne genseren begynte eg på i vår. No er den ferdig.
 Det er veldig lenge sidan eg har fullført eit større plagg til meg sjølv,
så eg er litt stolt : D
 Håper eg kan få ferdig dei andre jakkene og genserane
som eg har på gang og!!
Mønsteret fann eg i eit KLASSIKERE hefte frå Sandnesgarn,
men det står også i den nye Mariusboka.
Min er strikka i Sandnes alpakka.