22 juli 2013

"Midi" Twister

 Eg har sydd meg ein sommarleg twisterløpar.
Dette er førte gongen eg prøver twisterlinjalen,
men heilt sikkert ikkje den siste. 
Kjempegøy!
 

14 juli 2013

Hekla pledd på gang....

Eg har alltid nokre hekla pledd på gang....
I vår og sommar har eg hekla litt på det brune pleddet mitt,
som eg begynte på for nesten to år sidan.
Mønsteret på det står i eit interiørhefte frå Pt.
No er eg ferdig med ca. 2/3 av pleddet,
og eg trur eg kjem til å bli veldig fornøgd. 
Det einaste negative med dette prosjektet,
er at det er veldig mange trådar å feste!!
 Dette lappeteppet begynte eg på i fjor sommar.
Det er eit søtt sommarpledd i Finull, PT 2 og litt broderitråd.
Eg får berre lyst til å hekle på det når sola skin,
og det er varmt og fint.
Så det er eg ikkje komen så langt på enno...........

 

11 juli 2013

Besøk av Lappetausa

 Eg er så heldig å bu i nærleiken av
ikkje mindre enn tre veldig kjekke hobbybutikkar.
Her er Elin (Lappetausa) og eg
 inne hos Ingun på Primula Design i Eidsgata.
 Elin hadde med Annes sommerduk,
som no berre manglar lukkekant.
Den blir veldig fin!!
 Eit lite utval av det som finst i butikken.
 

10 juli 2013

Lita brikke

Har gjort ferdig ei lita brikke.
Sydd av vannglass som var til overs.

09 juli 2013

Engelsk papirsaum


Elin og eg har jobba med engelsk papirsaum
denne sommaren.
Vi bestilte startpakke frå Lappe Makeriet,
som inneheldt stoff og pappmalar.

Så langt var Elin komen på sin duk sist vi var i lag.

I kveld var eg på sytreff med to kollegaer,
som eg og syr saman med.
Ann Margret begynte etter oss,
 men er allereie ferdig med toppen.
Ho har brukt stoff frå det rikhaldige stofflageret sitt!
Eg er den som er komen mist langt,
bortsett frå Britt som ikkje er begynt enno, men har planar.
Her er nokre av mine stjerner. 
Eg har begynt å sy dei saman,
men får vise det ein annan dag.
 Slik såg stoffpakken min frå Lappe Makeriet ut.

Liten løpar


I dag regnar det i bøtter og spann,
så syrommet er ingen dum plass å vere.....
Har kvilta og sydd lukkekant på ein løpar
 som har vore ferdig ei stund.
 

Tur til Kongsberg

 Har vore ein liten tur til Kongsberg.
 Veret var nydeleg!
God stemning og mykje folk som kosa seg
med den årlege jazzfestivalen.
 Norges største kyrkje i bakgrunnen.
 Like ved kyrkja fann eg denne store og fine garnbutikken!
Trur den heiter Strikkestua.
 

01 juli 2013

Hekla nett

 Dette nettet har vore ferdig ei stund. 
 Mønsteret fann eg i eit handarbeidsblad frå Allers,
trur eg....  
Der var det hekla i Falk,
 men eg hekla mitt i Muskat frå garnlageret.
 Då eg var på fjellet i går,
 fekk eg strikka ferdig dette sokkeparet i restegarn. 
Det er strikka med dobbelt tynt sokkegarn.