20 oktober 2013

Hitchhiker i Opal


Finish nr. to denne helga.  Eit Hitchhiker-sjal i Opal.
Fargen blei litt mørk på dette bildet.  Meir riktig her.
På Vestlandet har vi hatt ein dårleg sommar i år, men ein flott haust!
Det blei ein liten fjelltur i dag før Minstemann skulle i bursdags-selskap.
Utsikt frå Skårhaugsetra.  Fin kontrast mellom haust og vinter.

19 oktober 2013

Augusta


 Pulsvantane Augusta frå innlegget under, er heilt ferdige.
Her er det kome snø på fjelltoppane no,
så det passar fint med varme klede i ull og alpakka :)

10 oktober 2013

Augusta

 I dag har eg begynt på pulsvantane AUGUSTA. 
 Link til gratis mønster her.
Sjølve flettemønsteret har eg strikka fleire gongar før på sokkar, 
men Augusta pulsvantar har eg ikkje laga før.  Flott mønster!
Inspirasjonen til å strikke gule pulsvantar,
kom frå bloggen Livs Lyst.
Det prikkete stoffet under er eit julestoff som eg har kjøpt hos Ingun på Primula.
 Kveldstur i Stigedalen.  Flotte haustfargar på fjellet no!

09 oktober 2013

Marius-lue

 Eit raskt lite prosjekt, Marius-lue til Minstemann.
Det er kjekt å eksperimentere litt med fargane
på sånne småplagg.
Denne lua er nok inspirert av haustfargane vi har no.
Lua er strikka i Falk frå Dale.
Pinne nr. 3 og 3,5.
Str. dame.
Mønsteret fann eg i Marius strikkebok.

08 oktober 2013

Haustferie, dag 2.


 Oj, for eit regnver i dag.  Trur det er best å halde seg inne........

Dagens kaffimat, skillingsbollar!
      Minstemann har vore veldig flink til å rydde, støvsuge og vaske rommet sitt i dag!!

07 oktober 2013

Haustferie

 Denne veka har eg haustferie. 
Lappetausa kom på besøk i dag og hadde med seg symaskin.
Flott at ho ville hjelpe meg å sy Buggy-Barn hjarteblokker
frå kurset som eg var på forrige helg.
 Desse har eg sydd.  Dei skal bli til eit lite veggteppe.
 Lappetausa er ei erfaren Buggy-Barn-dame,
så ho fekk fort dreisen på denne blokka.
'
Dei raude blokkene mine skal bli til ein juleløpar.
  
Solveig sine sveler til kaffimat.

06 oktober 2013

Hauststrikk

Eg er frykteleg dårleg til å blogge for tida. 
Det har vore ein travel haust, men eg kan ikkje berre skylde på det. 
Eg har halde på i snart sju år no, så kanskje det er på tide å gi seg...
Får sjå det an i løpet av hausten/vinteren :)
***
Har strikka ein mjuk og god hals i Dale alpakka og Iris alpakka. 
Mønsteret fann eg i det siste tilbehørs-heftet til Dale alpakka. 
Der er det brukt Påfugl frå Dale i staden for Iris. 
Skal prøve det og.
Gjekk ned eit nummer frå pinne 6 til 5
,for at halsen ikkje skulle bli for vid.
(Eg strikkar litt laust)
***
Så litt netthandel. 
Fekk ei kasse med ti nøster Opal i posten for nokre veker sidan.
Eg er jo svak for Opal til både sokkar og kle,
 så det vart litt freistande då Mauds garn hadde tilbod på kassene.
Har starta på eit Hitchhiker-sjal (ravelry-link) i oransj Opal.