25 mai 2014

Teppe og handkle i bomull


 Teppet og handkledet frå eit innlegg lenger nede på sida, er ferdige.
Teppet, som også kan brukast som duk, 
er hekla som ei stor bestemorsrute.
Det veg ca. 550 gram, 
så her har eg fått brukt opp litt bomullsgarn frå lageret.
(Mandarin Petit og Pandora).
Eg har hekla ei luftmaske mellom alle stavgruppene.
I hjørna har eg to luftmasker.
Ved fargeskift har eg skifta mellom kva hjørne eg har starta i,
for å unngå at ruta skulle vri seg.

 Dette handkledet fann eg mønster på i den siste boka til Tove Fevang.
Også her har eg brukt garn som eg hadde på frå før!!

21 mai 2014

17. mai-pynt


Til 17. mai i år hekla eg denne blomen.
Mønsteret fann eg på bloggen til Solstrikke.
Eg brukte Mandarin Petit og Fiol.
Heklekrok nr. 3 og 2,5 til sirkelen i midten.
Max kosar seg i skogen.

14 mai 2014

Sommarpledd

 Dette pleddet hekla eg mesteparten av i fjor sommar. 
No har eg hekla ferdig dei siste stripene og festa alle trådane.
***
Garn:  Daletta, Dale.
Heklekrok: 3,75
Opplegg:  Ca 180 lm.

05 mai 2014

Hekling i bomullsgarn

 Eg heklar i bomullsgarn for tida.
Kjøpte den nye boka til Tove Fevang, 
og då måtte eg berre begynne på eit lite handkle i Mandarin Petit,
sjølv om eg eigentleg held på med eit teppe/duk 
også i Mandarin Petit.
 Dette teppet/duken heklar eg som ei stor bestemorsrute. 
 Eg brukar Mandarin Petit frå lageret mitt.
  Har kjøpt berre eit nøste til dette prosjektet.  
Veit ikkje heilt kor stort det skal bli,
men heklar i veg ei stund til....