24 desember 2014

24. desember


23 desember 2014

23. desember

"Stjerne over Island"
 Eg blei ferdig med sokkane "Stjerne over Island"  i siste liten.
Det er Bitta Mikkelborg som har laga dette mønsteret.
Mine er strikka i Mellanraggi frå Jærbo
Det gjekk med 115 gram.
Sidan eg ikkje strikkar spesielt fast,
blei dei litt store i størrelsen. (Ca. str.  39-42).
Det vart ikkje tid til vasking eller damping.
Sokkane blei pakka inn med det same trådane var festa i dag tidleg.

22 desember 2014

22. desember


Her er det vesle sjalet ferdig.  
Det er strikka med to trådar -
ein tynn tråd med paljettar og eit tynt mohairgarn (anisa).
Pinne nr. 5,5.
Starta med tre masker 
og auka etter dei tre første maskene på kvar omgang, 
ved plukke opp tråden  imellom og strikke den vridd rett.
(Ide og mønster :  En rød tråd.  Lokal garnbutikk).
 Freistande å behalde dette sjølv, 
men eg har allereie to i andre fargar...
(Sjølvportrett:  Ser litt sliten ut, 
men det er tatt siste skuledagen før jul :D)
 Minstemann har perla julegåver.

21 desember 2014

19., 20. og 21. desember


 Fekk litt garn igjen etter lua eg strikka.
Det var akkurat nok til ni hekla hjarter.


18 desember 2014

18. desember


Eg har strikka ei enkel men artig lue i Perfect frå Sandnesgarn.

17 desember 2014

17. desember

 I dag fyller son nr. to 24 år.  
Vi har feira dagen med middag og kaffi/kake på kafe.
Fint med ei sånn enkel feiring for ein gongs skuld.
Eg er i selbumodus for tida.
Har lyst til å strikke både selbuvottar og panneband.
Får sjå om det blir. 
 Av og til kjøper eg mønster, garn (eller stoff) til eit prosjekt, 
men begynner på noko heilt anna,
Veit ikkje om eg er åleine om å ha det slik?
 Desse mønstrene er frå boka Selbu strikkebok som kom ut no i haust.
Det garnet som stort sett er brukt her,
er Rauma gammelserie.
Anbefaler desse karbonpinnane frå KnitPro.  Dei er kjempegode!

16 desember 2014

16. desember

Joni Mitchell
River
I kveld hadde 1.- 4. klassingane på skulen vår flott julekonsert
 for foreldrene i Operahuset Nordfjord.
Laurdag var eg i det samme huset på julekonsert med 
Sigrid Moldestad.
Ho sang ein Joni Mitchell song, omsatt til norsk.
Veldig vakker!
Her er den originale. 
 Ein litt trist og melankolsk julesang.

15 desember 2014

15. desember

Tilda:
 Her er to av Tilda-dukkene mine!
***
I fjor haust var Karen Grov på besøk hos NLQ 
og snakka om og viste fram Tilda-dukkene som ho syr.
Eg bestilte nissejenta av henne,
og til jul fekk eg jammen Skijenta i julegåve
 av Elin (Lappetausa).
Også den er sydd av naboen hennar, Karen.
Eg har fleire av bøkene til Tone Finnanger,
men tvilar på at eg kjem til å sy desse dukkene sjølv,
men ein veit aldri....
Har kika så vidt i den nye boka til Tone F.
Den ser veldig fin ut.
I dag kom det snø igjen.  
Kjekt for Max som kosar seg i hagen!

14 desember 2014

14. desember


Strikkar på eit mjukt lite sjal.....
Ute har småfuglane fått seg nytt fint hus til fuglematen.
Snøen frå i går er vekk og det har striregna i eitt sett i dag :(

13 desember 2014

11. , 12. og 13. desember

 Oj, no begynner dagane å gå veldig fort her...
Eg har strikka ferdig og festa (mange!) trådar
 på Handtak-vottane mine frå boka Islandsk strikk.
 Dei er strikka i Lettlopi og blei veldig
 tjukke og gode, utan å vere tova.
 Ute har det snødd litt i dag.  
Håper det kjem meir, slik at det blir litt lysare!


10 desember 2014

10. desember


 I dag var eg ein tur på Tore-garden 
saman med to kollegaer og syveninner.
Likte juletreet Sølvi har laga ,
Det heng utanfor inngangsdøra.
Her er ein annan smart juletreide, 
som eg kom over på denne nettsida.
På Tore-garden kjøpte eg blant anna 
denne boksen med te.
Gler meg til å prøve den :)

09 desember 2014

9. desember

Kjekt blad:
Det er kjekt når Quiltemagasinet ligg i postkassa.
Eg finn alltid noko eg likar og får lyst til å lage der.
Denne gongen likte eg aller best AnnAKa sin løpar,
som ho har kalla Mørketidspasteller.
Denne er fin å ta fram og legge på bordet,
når jula skal pakkast vekk i januar.
Elles har eg funne fram noko garn frå garnlageret.
Eg har fleire gutar som ønskjer seg sokkar i julegåve!!

08 desember 2014

8. desember

Adventsløpar
 I oktober var eg på eit kurs med Bente Malm i regi av NLQ.
Det var eit dagskurs, og tema var tri-recks linjalen.
Eg ville ha eit lite og overkommeleg prosjekt,
så eg sydde denne adventsløparen her.

07 desember 2014

7. desember

 Det var freistande å ta ein kviledag frå blogging i dag,
Denne helga har det vore både julebord og bursdagsfeiring.
I tillegg er eg, som så mange andre for tida, forkjøla.
Men eg kan ikkje gje opp adventskalendaren så lett... 
Difor eit lite innlegg heilt på slutten av dagen.
 Her er søster A. sin Aftur-genser. 
 Mønsteret er frå boka Islandsk strikk.  
Det finst også gratis på nettet.  
Genseren er strikka i Lettlopi
av modellen sjølv.

06 desember 2014

6. desember

Gjenbruk av stoff:
Denne litt utradisjonelle julestrømpa kjøpte eg 
for nokre år sidan på ein Eplabutikk.  
Den har vore brukt til dei adventsgåvene 
som har vore for store for vottane.
Baksida av strømpa er i eit stoff.
I år har det vore mildt og stort sett fint haustver heilt til no.
Det blei litt meir vinterleg etter at det 
kom snø på fjella denne veka.
Mennene til venstre i elva fiskar etter rømt oppdrettslaks,
noko dei har halde på med i fleire månader.