23 mai 2015

Hekla løpar

 Har hekla ein løpar i Pelini frå Pt.
Fann mønster på denne i eit Pt (nr. 120) julehefte.
Kjekk, rask og enkel løpar, som eg sikkert kjem til å hekle fleire av.
 Men då skal eg hekle midtpartiet med ein mindre krok, 
slik at det blir fastare. 
 Brukte litt over 100 gram.


Har rekt opp og begynt på nytt på denne Fana-kofta.  
Første forsøk i L såg veldig stort ut, så no prøver eg M.  

God Pinse til de som ser innom her!

14 mai 2015

Hekla alpakkapledd

 Pleddet i alpakka og ull er ferdig.  
Eg avslutta det etter 25 ruter.  
Då hadde eg ikkje så mange aktuelle fargar igjen.
Fekk brukt opp ein del alpakkarestar.
 Pleddet er hekla med dobbel tråd.  
Ein tråd farga alpakka
 og ein tråd naturfarga Schachenmayr Fine Wool.
Krok nr. 5. 
Få trådar å feste og inga montering,
 sidan rutene blei hekla saman etterkvart!

07 mai 2015

Summer Splendor


Via Pinterest fann eg mønster på denne runde duken.
Mønsteret heiter Summer Splendor 
og er designa av Denise Augostine.  Sjå ravelry.
Eg hadde fem nøster med Cotton Linen
 frå Schacnenmayr Smc liggande.  
Brukte dei, sidan eg likar grove hekladukar for tida.  
Det gjekk med litt over fire nøster. Krok nr. 3,75.

01 mai 2015

Retrobrikke

 Dette er favorittfargen min for tida. 
 Lys grønnblå og helst "støvete" som her.
Har hekla ei brikke i Pelini frå Pt.  Blanding av lin og bomull.  
Mønsteret, Retromotiv, er frå boka Putefest 
av Nina Granlund Sæter
 Der er det brukt til ei pute i kvitt og rosa. 
 Eg avslutta brikka då to nøster nesten var brukt opp.
Brukte krok nr. 3,5.

 Har begynt på eit restegarnpledd også.  
Restar av tynn alpakka pluss 
Fine wool frå Schachenmayr, kjøpt på tilbod.
Rutene er hekla med ein tråd av kvar kvalitet.  
Eg heklar dei saman etterkvart.