29 november 2015

Acnegenser med hals

 Då har endeleg eg og strikka meg ein Acne-genser. 
***
Eg strikka 16 raglanfellingar i staden for 15,
 men skulle ha strikka eit par til.
Genseren blei for vid i halsen for meg, 
særleg på denne årstida.
Sidan eg hadde eit nøste med brun/beige-melert til overs,
stikkka eg på ein hals etter at genseren var ferdig.
 Faerytale er håplaust å rekke opp,
så det orka eg ikkje.
Eg plukka opp masker der vrangborda begynner,
så halsen ligg under vrangborda.

09 november 2015

Mose

 For nokre veker sidan kjøpte eg boka Rett på tråden 
av søstrene Birte Sandvik og Margareth Sandvik.
Det er ei artig strikkebok, 
der alle modellane er strikka i Raumagarn 
og inspirert av 60-talet.
 Eg har strikka halsen Mose frå boka.
Den er strikka i Iris alpakka.
Den går tre gongar rundt halsen,
og blei mjuk og lett.

01 november 2015

Spice of Life


Då er eg ferdig med Spice of Life-teppet mitt.
Eg skriv ikkje endeleg ferdig, slik eg ofte gjer.  
Dette har nemleg vore eit utruleg artig prosjekt, 
som det er freistande å gjenta.
Teppet er hekla i Daletta frå Dale og Alpa frå Europris.
Eg hadde hekla heile teppet i Daletta, 
om der hadde vore fleire fargar å velje mellom.
Men det var ikkje så dumt å kombinere ull og alpakka på denne måten.
Teppet blei mjukare og varmare.
Det einaste negative (som eg har skrive om før), 
er at mønsteret ikkje kjem så godt fram når du heklar i alpakka.
Men det er ikkje sikkert det gjer noko.