07 september 2017

Årets produksjon så langt

 Eg har hatt ei lang bloggpause, 
men har lenge tenkt på å gje blogginga ein ny sjanse.
Litt av forklaringa på mangelfull blogging, 
kjem vel av at eg har oppdaga instagram.  
Instagram er veldig lettvint og enkelt,
 når du berre brukar kameraet på mobilen.
 Eg har hekla to restetepper i år.  
Det øvste er hekla i tjukt garn frå lageret mitt.  
Mange ulike garntypar og kvalitetar.  
Funka fint med v-stitch-mønster.  
Det blei varmt og godt! 
Det andre er hekla som ei stor oldemorsrute i bomullgarn.  
Mest Mandarin Petit frå Sandnes.
Elles har det blitt nokre sjal, sjølvsagt.
To strikka og to hekla.
Det grøne er strikka i c2c mønster.  Det var artig å prøve på sjal.
Det sommarlege lyserosa er hekla etter eit Drops-mønster 
i garnet Spøt frå Sandnes.
Det gule med bladmønster kjøpte eg garn til i London i påska.
Det er eit Debbie Bliss mønster og garnet er og hennar.
 To par vottar.  Drops og Sandnesgarn.
Den første jakka var ferdig før jul, for den var julegåve til Lappetausa, 
så den høyrer med til 2016-produksjonen. 
Jakka i midten er strikka i Mandarin Petit og AlpakkaSilke.
Eit mønster frå ein av sommarkatalogane til Sandnesgarn.  
Den grøne jakka er i Line og AlpakkaSilke,
 og er eit mønster av Marte Helgetun.

13 desember 2016

Strikka krans

Eit raskt lite førjulsprosjekt.
Mønsteret fann eg i det siste Juleheftet til Sandnesgarn.
Fritidsgarn og børsta alpakka er brukt.
Eg strikka ei lang remse som eg surra rundt ein isoporing.
Gjort på ein handballkveld :)
Batterilys frå Jysk.

28 november 2016

Mariusgenser

Denne litt julete Mariusgenseren
 har vore ferdig nokre veker allereie.
Den er strikka i Alpakka frå Sandnes.
Artig med både raglanfelling og rundfelling i samme genser.
Mønster i Sandnes Tema 35, Norske ikoner.

02 november 2016

Oktoberstrikk

I oktober strikka eg litt varmt tilbehør.

Denne halsen i Babysilk frå dsa.
Mjuk og god.

 To par tova vottar av noko gammalt garn.
 Hue med vri i Duett frå Sandnes.
 Og pulsvantar med fletter frå boka Strikkelyst.
Dei er strikka i Hverdags frå dsa.

30 september 2016

September



 I september har eg laga eit sjal og eit skjerf.
Sjalet er strikka i New Zealand lammeull. 
 Dette garnet kjøpte eg på ferietur i Danmark for mange år sidan.  
Mønsteret er Leaf-sjal av marionRdesign.
Det var veldig artig å strikke.
 Sjalet er blokka, så det er stort og lett.  
Det veg berre ca. 150 gram.
Så har eg hekla eit skjerf i herleg tynn ull, også frå Danmark.
Lappetausa kjøpte denne garnpakken for meg då ho var innom
Sommerfuglen i København i sommar.
Haustens store naturoppleving hadde eg for nokre veker sidan.
Denne unge reven skulle absolutt gå på tur med meg.
Den følgde etter meg ned frå setra, 
og her er vi komne ned på skogsvegen.
Eg hadde sjøvsagt ikkje hund med meg.
Tvilar på at eg får ei sånn oppleving igjen.

31 august 2016

Athene sjal

 I juli var vi ein snartur til Bergen. 
 På turen ned stoppa vi på Hillesvåg ullfabrikk.
Kjekt å sjå butikken der.  
Måtte sjølvsagt handle litt også, 
når eg først var innom.
 


 Athene sjal er strikka på pinne nr. 5 i Huldra, 
som er eit tynt og fint ullgarn frå Hillesvåg.
Tjukke pinnar og tynt garn gir lette luftige plagg.
Sjalet/skjerfet er fantastisk mjukt og godt.  
Det blei ganske stort også. 
Må innrømme at eg var litt lei på slutten,
 og tvilte på resultatet,
men eg er glad eg sto på og gjorde det ferdig!

28 august 2016

Sommar=klutar

 Også denne sommaren har eg laga nokre klutar.  
Desse fire er hekla i Elise og Mandarin Petit.
 Mønster frå Hæklede klude.
Kjekke danske klutebøker.

Gul brikke

Denne brikka er hekla i noko tjukt
bomullsgarn frå Mirasol (T`ika),
som eg har hatt liggande lenge, 
og som eg ikkje har visst
 kva eg skulle bruke det til.
***
Mønster i boka Putefest
 av Nina Granlund Sæther.
Det er eigentleg eit putemønster.
Kjekt å hekle!


Nordic Shawl

I juni/juli hekla eg Nordic Shawl
i Dale alpakka.
Som har laga mønsteret.
Dette er første gong eg bloggar 
frå mobilen, 
men eg trur eg må begynne med det, 
skal det bli noko blogging😊.

18 juli 2016

Bygge & bo

På årets regionstreff i Førde, 
var tanta mi, Lappetausa,
så heldig å vinne dette flotte veggteppet.
 Det er sydd av quilteklubben i Førde,
 og var hovudgevinst i lotteriet deira.  
Teppet er ein mindre versjon av månadsblokkteppet 
Det opprinnelege teppet har 30 husblokker, 
medan dette har 20.
(160x123cm)
Sidan Elin skal sy dette teppet sjølv, 
og ikkje hadde nokon passande vegg å henge det på, 
var eg så heldig å få henge det til pynt i gangen min!

Sommarsjal

Eg har hekla eit lite sommarsjal/skjerf i alpaca silk frå Rauma.
Mønster fann eg i Pt design nr. 119.
Eg hekla etter cape-mønsteret, 
men hekla den så stor at den kan brukast som skjerf.

13 juli 2016

Scrappy Happy V-Stitch blanket nr. 2


V-teppe nr. 2 er ferdig :)
På dette teppet har eg ikkje hekla stripekant i kvar ende,
 som på det første.  
Eg har berre hekla kanten med krepsemasker rundt heile teppet.


Dette teppet er laga av restegarn av type Smart, Peer Gynt, Falk, Heilo o.l.

Max og Kornelius kosar seg i hagen.

08 juli 2016

Scrappy Happy V-Stitch Blanket

Då har eg fått hekla kant på dette pleddet, 
som har vore ferdig ei stund.
Det er hekla i v-masker etter eit mønster av 
Eg har brukt Daletta og tynnare krok,
så det er litt mindre enn det på mønsteret.
Pleddet var så enkelt og kjekt å hekle,
at eg begynte på eit nytt i restegarn
rett etter at dette var ferdig.
Det skal få kant rundt no.
Fin sommardag på vestlandet i dag!

06 juli 2016

Emma - ein sommartopp


Eg har strikka ein sommartopp i Line frå Sandnesgarn.
Modellen heiter "Emma" og er frå det siste Line-heftet.