29 mai 2011

Mønster på hekla trekantsjal

Eg har fått spørsmål om mønster på sjal av halv bestemorsrute.
Det finst mange ulike måtar å hekle desse halve rutene/sjala på,
men eg skal prøve å lage ei forklaring
på korleis eg har gjer det.

Hekle 4 stavar (st), 2 luftmasker (lm) og 4 stavar i ringen.
(Første stav er tre luftmasker).
Snu arbeidet.
Hekle 3 lm, 3 st. i holrommet mellom 1. og 2. stav på forrige omgang,
1 lm, 3 st, 2 lm, 3 st, 1 lm, 3 st
( i holrommet mellom 3. og 4. stav frå forrige omg.),
1 dobbelstav (ds).
(For at kanten oppe ikkje skal bli stram, heklar eg ein dobbelstav til slutt,
i staden for den 4. staven).
Snu arbeidet.
Hekle 3 lm, 3 st ( i holrommet mellom 3 lm og 3 st frå forrige omgang),
1 lm, 3 st, 1 lm, 3 st, 2 lm, 3 st, 1 lm, 3 st, 1 lm, 3 st
( i holrommet mellom 3 st og 1 ds frå forrige omg.), 1 ds.

Hald fram på denne måten til sjalet er så stort som du vil ha det.

NB! Viss kanten oppe blir for stram, gå over til å hekle 4 lm i staden for 3 i begynnelsen av kvar omg. i tillegg til den dobbelstaven.
Hilde - Strikkemor(o)

(Viss du oppdagar feil i dette mønsteret, er eg glad for å få beskjed om det).Dette sjalet er hekla i Austermann Royal, 150 gram. Krok nr. 4,5.

8 kommentarer:

Turid sa...

Greit med flinke damer som vil holde kurs....

Timotei sa...

Du er en knupp! Nå kan jeg også lage slikt sjal!

Snuppesnella sa...

Tusen takk for oppskrifta, som eg har lagra.

Var i utgangspunktet nokonlunde klar over korleis du heklar dei fine sjala, men kjekt å få det forklart. Og sett nærbilete.

Du er sååå flink !

Snuppesnella sa...

No er eg igang med sjalet ! Fann eit 3/4 nøste Dale Royal Alpakka, og tar sikte på å kjøpe meir i morgon.

Du held oss i aktivitet ! Hehe

Lindas hobbyhjørne sa...

Så nydelig... har noe garn liggende, kanskje det passer til det ??
Ha en fin kveld, klem.

Misemor sa...

Så herlig. Takk for at du deler.
Ha en deilig søndagskveld, hilsen Misemor

Barbro sa...

Så fin at du deler fremgangsmåte. Blir fine sjal !

Ønsker deg ei fin uke
Klem

Sissel sa...

Takk for oppskrift. De blir veldig fine de sjalene :)