30 april 2012

Sikk sakk- mønster

Babyteppe nr. to av diverse restar i babyull er ferdig.
Det går fort å hekle desse små teppene
 med dobbelt garn og tjukk krok.
***
Litt meir tid tar det å hekle eit sofapledd.
Likevel har eg starta på ikkje mindre enn to.
Her er det eine som er i lilla og gråtonar.
Vi er tre på jobben no som har begynt
 å hekle pledd i Daletta frå Dale.  
Eit lett og fint ullgarn. 
 Litt få fargar å velje mellom,
 men elles eit supert garn til eit sånt prosjekt.
***
Eg har litt problem med kameraet mitt for tida.
Det er ute av stille, så bildet er ikkje så bra.
Viss fleire har lyst til å bli med,
kjem eit enkelt mønster her.
Sikksakk-pledd:
Legg opp ca. 235 luftmasker på krok nr. 5.
Du får nokre masker til overs,
men dei kan enkelt rekkjast opp etterpå.
Gå over til å bruke krok nr. 3,5 eller 4
alt etter om du heklar laust eller fast.
Hekle 1 stav i fjerde luftmaske frå kroken. 
Hekle 10 stavar til i dei komande 10 lm.
Du skal ha 12 stavar i kvar ende av pleddet,
og 11 lm mellom kvar felling/auking.
(Dei tre første luftmaskene tel som ein stav).
Hopp over to luftmasker og hekle 11 stavar i dei komande 11 lm.
Hekle 2 luftmasker og 1stav til i den samme lm
 som den siste av dei 11.
Hekle 10 lm i dei komande 10 luftmaskene.
Hald fram på denne måten til du har
19 fellingar og aukingar til saman og
10 spissar nedover.
Avslutt med 1 ekstra stav i lm nr. 11.
Snu med tre lm.
Variasjon:
På det eine pleddet mitt heklar eg 10 lm mellom
kvar felling/auking.
Då får du 11 spissar.
Pleddet blir ca. 115 cm i breidda.

15 kommentarer:

Elin sa...

Tusen takk for oppskrifta. Det hadde vore gøy med ripple along!

snakkemunn sa...

Så nydelig det var. Helt utolig hva man kan få ut fra rester. :))

Kort og Søm sa...

Veldig fine tepper! :O)

Snuppesnella sa...

Endå eit teppe frå deg !

Du er sååå flink til å setje sammen fargar !!!
Teppet med dei lilla fargane blir lekkert.

Takk for oppskrifta, som eg lagrar for inspirasjon. Ein dag... håpar eg at eg er i gong. Eg er glad i Dalegarn, så Daletta passar meg utmerka !

Var i kontakt med ei som jobbar på fabrikken på Dale for ei tid sidan. Ho bad meg omtrent om å hjelpe dei å kjøpe Dalegarn ! Eg synes dei har veldig mykje godt kvalitetsgarn !!! Så det gjer eg gjerne.

Anna Therese sa...

To flotte tepper du lager :) Har ett teppe som ligner litt på det første du har laget som eg fikk i gave av min oldermor for mange år siden :) *gode minner* Ha en flott kveld videre :)

Lene sa...

For ein flotte blogg du har! Og super oppskrift på sikksakk teppet - den ska eg prøva! Legg meg te som følger her gjer eg og :)

Tonemor sa...

Tusen takk for at du deler oppskrift.
Nydelig det babypleddet du har heklet.
Fargene på det store er jo helt i min smak, ser ut til at det også blir super lekkert.
Ønsker deg en god 1. mai.
Klem Tone

Silje sin blogg sa...

Hei! Nydelig teppe! Jeg kan ikke skjønne annet enn at det er slike jeg hekler også? Nydelige farger! Det du driver på nå blir vakkert!

Sissel sa...

Takk for oppskrifta. Disse teppene blir så fine:)

Svalen sa...

Så flotte tepper du har laget!
Nydelige farger.

LivM sa...

To supre tepper du har laget, og sjalet ditt i forrige innleg ble lekkert.

Litamora's Quilt & Design sa...

Helt nydelige farger!!! Takk for oppskrifta, den kommer jeg sikkert tilbake og prøver ut når det blir tid til å hekle igjen :-)
Ha en fin søndag,
Laila

Malin sa...

Hei!

Ser det er en stund siden du la ut dette innlegget, men jeg lurer veldig på om den oppskriften her er til babyteppet? Viss ikke, har du oppskriften på det??:) Håper på svar!! :D

Anonym sa...

Hvor mange nøster brukte du totalt, husker du det? Takk for svar!!

Anonym sa...

Husker du hvor mange nøster du brukte på dette teppe, og lengden totalt? Takk for svar!!