02 desember 2008

Liten snømann

I kveld var eg på årets julemøte i Nordfjord Lappe & Quilteklubb. Det var veldig koseleg med stitching, kaffi, snittar, marsipankake, "vis og fortel" og lotteri.
Alle fekk ein liten kit med mønster, stoff og vatt m.m til å sy fire små stitcherymotiv. Denne snømannen var ferdig oppteikna for oss, og eg fekk faktisk sydd han ferdig i løpet av møtet. Så no gjenstår berre monteringa. Trur kanskje eg skal sy ein liten pose. Vi fekk også kvar sin liten boks med "spytt på boks" som vi kan bruke når vi er tørre på hendene og skal sy på maskin..... ;-)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Den var jammen rask ....det var eit hyggeleg julemøte så no vert det å roa seg ned ved pcen før ein tar kvelden Beste helsing Ingun

Hildegard sa...

Høyrest ut som eit koseleg møte. Du er rask med nål og tråd også, koseleg snømann.
Mamsen

Timotei sa...

Så fin snømann! Blir artig å se hva du skal bruke motivet til. Nå kommer jeg på at jeg har noen små julestitcherier liggende. Må vel finne et prosjekt til dem også. Kjempefin heklebrikke også. Du er jo blitt en riktig kløpper på hekling!