25 oktober 2009

Enkelt sjal

Eg har strikka "Simple Yet Effective Shawl", som det finst gratismønster på her.
Sjalet er strikka i Marks & Kattens Fame trend, farge nr. 651.

24 oktober 2009

Rosa


Fargen i oktober er rosa.
Eg har funne fram det eg har strikka/hekla i rosa, og som eg har her heime.
Rosa er ikkje den fargen eg har strikka mest i,
det seier seg sjølv med tanke på at eg har fire gutar og ingen jenter.
Under ser de eit teppe som eg hekla for om lag eit år sidan.
Det er laga i restar av tynt fleirfarga sokkegarn - nokre rosa innslag der.
Vidare eit hekla sjal i Silke-Tweed frå Drops, eit skjerf i Eskimo frå Drops og nokre hekla gryteklutar.


19 oktober 2009

Mitered Mittens

Eg har strikka mitt første , men sikkert ikkje det siste, "Mitered Mittens" vottepar som er designa av Elisabeth Zimmermann.
Norogarnet kjøpte eg i USA for litt over eit år sidan,
og det har eg spart litt på.
Har ikkje prøvd Noro Kureyon før, men blei veldig begeistra.
Brukte ca. 75 gram og strikka på pinne nr. 4. I utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å tove vottane, men sidan dei blei litt store fekk dei ein omgang i vaskemaskina på 40 grader (kortprogram) saman med ei dongeribukse. Då blei dei heilt perfekte etterpå!

Haust i hagen.

11 oktober 2009

Mini

Eg har strikka ei til Mini-jakke etter mønster frå Design.club.dk. Denne er strikka i Lanett.
Endeleg har vi hatt nokre dagar utan regn.
I dag var det fint og tørt å gå på fjellet!

07 oktober 2009

Klemmepung

I går kveld var eg på møte i den lokale quilteklubben.
Der viste Elin oss korleis vi syr klemmepungar
(mønsteret er frå Quiltemagasinet 5/2007).
Det var enkelt og kjekt, og eg fekk sydd denne "froske-pungen".
Eg trur ikkje eg har rørt symaskina mi sidan i juni/juli, så det var på tide med litt sying igjen. Faktisk blei eg så optimistisk, at eg har meldt meg på 9NA's Julemysterium i dag!
På møtet kjøpte eg dessutan desse to stoffbitane av Siv på Lappestua. Likte dei kjempegodt!

05 oktober 2009

Button-Tab Knit Hat

Eg har strikka to av desse luene. Den turkisblå er strikka i Alaska frå Garnstudio og den grønne i tjukk eintråda alpakka frå DSA,
eit garn som eg har hatt liggande i meir enn ti år.
Mønster på Ravelry her eller på bloggen til designaren her.