30 januar 2011

Stitchery

Før hugsar eg at vi heiv inn på med rød solhatt når vi var forkjøla.
No har eg stitcha ferdig den første urteengelen til AnnAKa.
Koseleg arbeid!
Har ikkje heilt bestemt meg for om det skal bli duk eller gryteklut.
Lerretstoffet som eg stitchar på er kanskje litt for "grovt" for duk??
Og så har eg begynt på desse koselege motiva.
Mønsteret er laga av Jean Boyd og heiter Redwork Kitchen.

***
Sett frå kjøkkenglaset......
" Skal eg ta eit stup? "
" Nei, det bles sånn i dag! "

21 januar 2011

Litt av kvart.....

Eg har brodert ferdig stitcheryet mitt frå dette innlegget.
I går skulle eg prøve å skjere opp stoffa som skal vere rundt,
men det var ikkje så enkelt med den dårlege arma.
Må nok ta det i mange etappar.
Å brodere litt går bra,
men strikking og hekling må nok vente ei god stund enno.
I dag var eg innom ein garnbutikk for å kjøpe meir broderigarn.
Skal begynne på AnnaKa sine urteengler.
Eg kom også heim med det siste heftet frå navia.
Masse fint her.
Gler meg til eg kan begynne å strikke igjen!!

Dei siste vekene har vi hatt besøk av eit skarvepar i "hagen".
Vi bur jo att med ei elv og er vande med eit rikt fugl/fisk/dyreliv,
men skarv har vi ikkje brukt å ha her.
På grunn av det krokforma nebbet må det vel vere storskarv?
I følge fugleboka held den seg i Nord-Noreg.
Skarven er i alle fall imponerande
når den sit med vingene utbredt og kviler.
Bok nr. 5
Ei interessant histrie om korleis
amerikanske japanerar blei behandla under 2. verdskrig i USA.
Denne boka var ikkje så lettlest som dei andre bøkene
eg har lese hittil i år.
Synest den var litt treig av og til,
og at det blei litt mykje det samme opp att,
men elles ei kjekk og lærerik bok.

16 januar 2011

Bok nr. 4

Det går fortsatt i lesing her.
Det einaste som blir gjort av handarbeid er litt stitchery.
Eg går til behandling for nakke-og armplagene,
men det kjem nok til å ta litt tid.
I helga har eg lese denne vesle franske romanen,
som svigermora mi fekk i julegåve.
Den er på berre 218 lettleste sider.
Boka handlar om ein 45-år gamal mann
som bur i ei campingvogn i hagen til mora si.
I parken kor han brukar å sitte å telje duer,
blir han kjend med ei 86 år gamal dame.
Det oppstår eit spesielt vennskap mellom dei.
Den gamle dama begynner å lese bøker for han,
noko som gir han eit nytt perspektiv på livet.
Ei artig og god bok med ein fin og humorisisk tone!


11 januar 2011

Bok nr. 3 og forsiktig hekling

Denne romanen er utruleg velskriven,
velkomponert og fengande!
Det er både ein slags sjølvbiografi og eit portrett av ein pyroman
som herja i Finsland (utanfor Kristiansand) i 1978.
Både forfattaren og pyromanen vaks opp i denne bygda.

Eg har funne fram nokre hekla lappar frå i fjor.
Meininga er at dette skal bli eit lappeteppe.
Har prøvd meg med litt forsiktig hekling,
og det går bra så lenge det er veldig forsiktig og veldig lite.
Fargane i dette teppet er litt inspirert av
"Gutta boys"-roseteppet (Lappemakeriet),
som var mnd. teppe for nokre år sidan,
og som eg fortsatt syr på for hand.

Eg heklar teppet i Pt 2 og Rauma Finull.

09 januar 2011

Om å rydde vekk jula...

Denne helga har vi rydda vekk jula.
Ikkje all julepynt er like enkel å pakke vekk.
I romjula kjøpte eg dette "juletreet" hos Ingun til halv pris.
Har brukt både kubbelys og telys inne i det,
og synest det er kjempekoseleg.
Har lyst til å ha det ståande litt til...
Det samme har eg lyst til med julestrømpen under.
Den kjøpte eg på Epla (Budeiesøm) i november.
Minstemann putta alle småtinga
som han fekk i adventskaldenderen sin opp i den.

Bok nr. 2

No er det snart to veker sidan eg har strikka (pga. høgrearma).
Har brodert litt, men er forsiktig med det og.
***
Bloggen min er difor blitt ein midlertidig litteraturblogg.
***
Bok nr. to i år er debutromanen til Kate Morton.
I fjor las eg Den glemte hagen, hennar andre roman.
Tilbake til Riverton er ein roman som bl.a. skildrar
herskap-og tenarmiljøet på begynnelsen av 1900- talet i England.
Trur denne romanen hadde passa veldig godt som BBC-serie.
Boka er på 512 sider,
Eg kjøpte pocketutgåva, og tenkte ikkje over at skrifta var så lita.
Men boka var så spanande og god,
at det gjekk fint likevel.

05 januar 2011

Bok nr. 1

I år skal eg ta meg tid til å lese fleire bøker.
Dette er årest første bok,
som sikkert mange har lese for lenge sidan.
Eg fekk den i julegåve, og har kosa meg med den sidan nyttår.
Den er på 480 sider, men er lettlest og underhaldande.
Interessant å lese om den spanske borgarkrigen.
Elles er eg einig i Solveig si bokmelding.

02 januar 2011

Stitchery

Eg har ei ufrivillig strikkefri pause igjen
pga. betennelse i høgre armen.
I går var eg litt betre
,slik at eg klarte å brodere litt.
Det var ikkje så dumt,
for då fekk eg sydd ferdig dette første hjartet
på juleduken til
Wenche frå Northern Quilts.
Til jul var eg så heldig å få denne pakken med mønster,
stoff og broderitråd av tanta mi Lappetausa.
Det skal bli eit bakeklede.
Heldigvis hadde Ingun på Primula strykevliselin
av typen som er supert til stitchery!
Gler meg til å begynne på det no ;-)