21 juli 2011

Ein dokkekropp

Eg har strikka ein dokkekropp.
Dokka heiter Alva, og mønster på henne fann eg i boka
Brukt på nytt av Kathrine Gregersen.
Mi Alva er middels stor, dvs. ca. 35 cm høg.
Det gjekk med akkurat 50 gram Sisu, farge 3021.
Alva skal sjølvsagt få hår, nase og auge,
ein dag eg er opplagt til det.....
Har begynt på ein kjole i Finull :D

Dette er ei kjekk bok!!

19 juli 2011

Ulsteinvik/Hareid

I dag var Minstemann og eg på ein kjekk og impulsiv tur til nabofylket,
Møre og Romsdal, saman med foreldra mine og Lappetausa.
Litt shopping i Ulsteinvik,
og besøk hos kusina mi og familien på Hareid.

Litt garnhandel blei det og.
Fem nøster med Lima som skal brukast til denne halsen.

Dette garnet er nytt for meg. Finst i nydelege naturfargar blant anna.
Berre sjekk ut dette heklateppet!!

18 juli 2011

Ulvesund fyr

I går var vi turistar i eige fylke.
Vi besøkte Ulvesund fyr i Deknepollen, Vågsøy kommune.

"Fyrvokteren"
Fyret sin butikk/kafe.

Sol og varme

I morgon kveld er det allereie ei veke sidan vi kom heim frå Tyrkia.
Det var herleg med ei veke med sol og varme.
Vi har hatt fint ver etter at vi kom heim også,
men den store sommarvarmen lar vente på seg.
Tyrkia var i alle fall veldig bra
både når det gjalt strand, hotell, mat, pris og sørvis.
Dei fleste av bildene på kollasjen er tatt om kvelden.
Det blei gjort lite handarbeid,
sjølv om eg hadde med meg både det eine og det andre.
Strikka ein halv sokk på ei veke,
og då mest på flyplassen og flyet :D
Prime Family Club, Side.

04 juli 2011

Stor & liten


Det er snart tid for ferietur,
Tyrkia i første omgang.
I fjor før Kretaturen sydde eg nesten ferdig
desse to toalettveskene
som AnnAKa har kalla "stor & liten".
Det einaste som mangla var glidelås og for i den miste veska.
Litt tungt å ta igjen slikt,
men no er eg ferdig.
Babyteppet i Pickles bomullsgarnet er også ferdig.
Det blei passeleg stort, mjukt og godt.
Synest fargane er nydelege,
og garnet var berre kjempegodt å jobbe med!
Fekk lyst til å hekle fleire sånne tepper
av diverse garn som eg har liggande.

02 juli 2011

Sommardag

I dag har vi hatt ein fin sommardag på Vestlandet,
den første etter at skulane tok ferie.
Ikkje kjempevarmt akkurat,
men fint nok.
Eg er i gang med babyteppet.
Fann ut at det var best å hekle,
sidan eg er litt usikker på kor mykje eg klarar å strikke enno.
Eg heklar sikksakk med krok nr. 5, og det går fort.
Teppet blir lett og luftig.
På grunn av at det er laust hekla,
vil eg ikkje ha så mange trådar å feste,
så eg heklar eit nøste til det ikkje er meir garn igjen.
Er halvvegs no.
Mønster på dette teppet fann eg i boka:
Hekling - Gammel teknikk i ny design
av Bente Myhrer og Lilly Secilie Brandal.
(Ei veldig kjekk heklebok!)

01 juli 2011

Postkassegleder....

Kjekke ting i postkassa denne veka:
* Ysolda Teague si siste bok, Little red in the city.
Berre mønster på jakker, vestar og genserar i denne boka.
Fine foto, teikningar og skisser.
Artig stil på boka, litt 50-talls.
Pdf-filer på alle mønstrene føl med.
* Økologisk babybomull frå Pickles.
Dette garnet er berre utruleg lekkert!!
Skal kanskje strikke dette teppet av garnet.

Alle som handlar hos Pickles i sommar,
får dessutan to rundpinnar på kjøpet.
Eg fekk to som eg ikkje har frå før.
nr. 8 100 cm og nr. 3,5 50 cm.
Har ikkje prøvd akkurat desse pinnane før,
men har høyrt at dei er gode...

Dei som kjøper dette garnet støttar familiar i fattige delar av Peru.
........ Så ingen grunn til å ha dårleg samvit for denne handelen....