16 januar 2014

Luer

 Denne lua fann eg mønster på i siste Familien.  
(nr. 2, 2014)
Mønsteret heiter Barnelue i vevstrikk 
Eg strikka str. 10-12 år.  
Brukte Karisma frå lageret mitt
(Hekla ein kant nede etter at biletet blei tatt
 pga. at eg syntest lua blei litt for vid).
Dette mønsteret står i boka Feminint tilbehør.
Endra ein del på mønsteret.  
Strikka den lengre og utan glattstrikka parti med skrift..
Den er strikka i Hexa.

13 januar 2014

Løpar i gamle stoff

 Denne løparen sydde eg i fjor vår.
 No har eg endeleg fått quilta den og sydd på lukkekant.
Eg har brukt berre gamle stoff, 
som eg har hatt liggande i mange år.
Mange av dei er frå 1990-talet.

05 januar 2014

Trendy lue

Meir sying fører til mindre strikking.
Men eg fekk kjøpt meir garn før helga,
slik at eg fekk felt av denne hua
Den blei fin og passeleg.
Mønster her.

Mug-rug og spisebrikke.

 Måtte berre prøve å sy desse søte eplene til AnnAKa.  
Først blei det ei lita krus-brikke,
og så ei spisebrikke.
Eg finn ikkje igjen stoppefoten til symaskina mi,
så dei er ikkje kvilta slik mønsteret seier.
Brikkene var veldig enkle, raske og morosame å sy!!
 Her fekk eg jammen vist fram favoritt-serviset mitt også.
(Mon Amie frå Rørstrand).

02 januar 2014

Mobiletui

 Til jul fekk eg meg ny mobil av gutane mine, 
og no har eg sydd eit etui til den.
Kjekt og enkelt å sy,
takka vere gode bilder og god forklaring!!