18 april 2015

Vårlege heklerier


Er i heklemodus for tida.
Heklar på to putetrekk i Mandarin Petit.
Planen er å ha dongerilappar på baksidene.

11 april 2015

Lev Landlig-koften


 Lev Landlig-koften er ferdig!!
  Eg var flink til å halde meg til dette prosjektet,
 og kofta blei ferdig forbausande fort for å vere meg.  
I bladet er den strikka i Tove frå Sandnes. 
 Det fekk eg ikkje tak i her eg bur, så eg strikka mi i Pt2. 
Eg plukka ut fargar som eg syntest likna på fargane i bladet.  
Trur ikkje det blei så veldig ulikt. 
 Eg strikka den ein størrelse mindre enn eg brukar,
 og det var bra, for den blei meir enn stor nok.
Det var uvant og treigt å strikke stjerneborda
med tre fargar på kvar omgang,
men då den var ferdig, gjekk resten fort og greit.
Jakka er strikka ovanfrå og ned.
Det er mykje betre for muskulaturen
 å strikke med ull som ikkje er superwashbehandla!
Har vaska den i vaskemaskin (ullvask 30 grader),
og det gjekk heilt fint.

03 april 2015

Molly hals

 Eg kjøpte garn og mønster som kit tidlegare i år.
No er halsen ferdig.  Garnet er Huldra kamgarn i ein bleikgul farge.
Tynt garn, tjukke pinnar og enkelt mønster. 
Eit raskt prosjekt med andre ord.
Mønster/garn kan kjøpast her.
 Elles har eg jobba med denne kofta i februar/mars.  
Den er snart ferdig no.  
Berre monteringa gjenstår.......
 Ønsker alle som er innom her, ei fortsatt god påske!